Kommentar

Tidvende for høgre studium

Samordna opptak syner nytt medvit om studie- og yrkesval hjå fleirtalet av studentane.

Lækjar, sjukepleiar, grunnskulelærar, yrkesfaglærar og advokat ser klåre oppsving i tala frå Samordna opptak. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix
Publisert Sist oppdatert

Det tykkjest vere slutt på klagesongen over ungdommens angst for framtida. Medan verda er vorten langt meir usikker, med krig og trumpisme, verkar norske studentar brått meir viljesterke og overtydde, både om det ideelle og om det timelege.

Massivt har vidaregåandeelevar valt å sjå bort frå skrekkhistorier om arbeidsbøra i visse yrke, slik at lækjar, sjukepleiar, grunnskulelærar, yrkesfaglærar og advokat, som alle har vore omtala som svært krevjande yrke med arbeidstidsulemper og så vidare, ser klåre oppsving. Sameleis har sivilingeniør, havteknologi, byggfag og økonomifag, som er utan dårleg rykte, og som det òg er stor trong for, også styrkt seg godt.

Har trua

Jamvel alle dei fire teologistudia har fått eit oppsving, trass i oppseiingar i kyrkja. Det må elles også visseleg eit trusgrunnlag til for dei over 4000 studentane som søkjer seg til 1400 studieplassar i mediefag, der nedskaleringar i snart alle medieverksemder er dagens orden og kommunikasjonsbyråa alt er godt oppfylte.

Kring 14.000 studentar har søkt seg til om lag 5500 studieplassar i sjukepleia. Søkjarar som har late seg intervjue om valet sitt, uttrykkjer at dei vil ha eit sikkert yrke som det er stor trong for, og dessutan vil dei gjerne yte noko for å gjere verda betre. Liknande tonar kjem frå dei som no har snudd nedgangen i grunnskulelærarutdanninga; her kan det ha sitt å seie at søkjarane er lova betre samanheng i studieløpa, meir rettleiing og betre praksisorganisering.

På båe desse områda arbeider institusjonane for å minke fråfallet undervegs, så ein kan sikre at flest mogleg av dei som vert tekne opp, gjennomfører. Det er viktig både for den resultatavhengige økonomien til institusjonane, og for framtida for dei profesjonane det er tale om. Det er elles meir kjent at løna i mange av desse yrka ikkje er så dårleg (ein lektor skal til dømes no ha 614.100 kroner fyrste året, og opprykka kjem rimeleg snart).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement