JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tid for omstart

Blir 2024 året for det store digitale tilbaketoget i den norske skulen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste åra har iPad blitt ein del av standardutrustinga for tusentals norske skuleelevar.

Billion Photos / Shutterstock / NTB

13652
20231222
13652
20231222

Kommentar

peranders@dagogtid.no

I nabolaget mitt på Tøyen i Oslo ligg det eit barnebibliotek langt utanom det vanlege. I 2019 vart Deichman Biblo kåra til ein av verdas kulaste stader for barn av Time Magazine. Der kan ungar mellom 10 og 15 henge etter skuletid, og dei kan gjere langt meir enn å lese bøker: Biblo har entusiastiske og kreative tilsette, her er det turneringar i sjakk og pingpong, ungane kan lage mat og ete han etterpå, dei kan lage ting med 3D-printer eller få leksehjelp. Interiøret inkluderer ein gammal bil, ei vogn frå ein skiheis, djupe sofaer og lune holer i veggen der ein kan gøyme seg vekk med ei bok. «Bibliotek er spesielle stader der barn kan lese, lære og skape. Deichman Biblo Tøyen er blant dei kulaste av dei alle», skreiv Time Magazine.

Interiøret til Biblo er framleis kult, og dei tilsette er framleis entusiastiske. Men det er færre barn som les, lærer og skaper der enn for nokre få år sidan. Bøkene får stort sett stå i fred. Derimot er det mange barn som sit med blikket stivt festa på kvar sin skjerm. Og det raraste av alt: Dei som ikkje har sin eigen smarttelefon, stirer ned på ein iPad som skulen har gjeve dei, det som blir kalla eit læringsbrett. Les dei på bretta sine? Svært sjeldan. Dei ser på YouTube, spelar eitt av dei mange tusen spela som er tilgjengelege via nettlesaren til brettet – eller kanskje Minecraft, som skulen har lagt inn. Dei smartaste tiåringane har til og med funne ut korleis dei kan få tilgang til skytespelet Fortnite på iPaden.

Dette er underleg. Korleis kom vi hit?

Brett i sekken

Her er det på sin plass med ei vedkjenning: Denne teksten skriv eg ikkje berre som journalist, men som far til ein tiåring og ein trettenåring i Oslo-skulen, og med fire års iPad-frustrasjonar bak meg. Eg er ingen nøytral observatør til det eg skriv om. På andre sida: Det er ikkje alltid ei ulempe å skrive ut frå lang erfaring med eit fenomen.

Bakgrunnen for dei rare scenene på Biblo er kort fortalt slik: Mange av barneskulane i Oslo – truleg dei fleste – har vedteke at elevane må ha med iPaden heim i sekken kvar dag, anten dei skal gjere lekser på brettet eller ikkje. Og kva som skal vere tilgjengeleg via nettlesaren, er styrt av Utdanningsetaten til kommunen.

Til og med fjerde klasse har skule-iPadane i Oslo eit filter som blokkerer YouTube, nettreklame og spel i nettlesaren. Men filteret blir skrudd av når barna byrjar i femte – på same tid som dei misser tilbodet om skulefritidsordning. Svært mange elevar får dermed fleire timar dagleg dei kan fylle med spel og YouTube-filmar, via nettbrett som skulen har pålagt dei å ha. Slik er det for tusenar av barneskulebarn, ikkje berre i Oslo, men over mykje av landet.

Slik grip skulane direkte inn i noko som har vore foreldra sitt ansvarsfelt: mediebruken til ungane på fritida. Foreldre som ønskjer å avgrense skjermbruken til barna sine, og som utset innkjøpet av smarttelefon i det lengste, blir underminerte. Vi er i praksis pålagde å gje ungane mange timar med ekstra skjermunderhaldning kvar veke, anten vi vil eller ikkje. Dette skjer samtidig som vi får vite at norske barn les stadig mindre og stadig dårlegare, og det er gode grunnar til å tru at den intense og stadig aukande skjermbruken er ei viktig årsak.

I 2017 la Solberg-regjeringa fram ein ny digital strategi for skulen. Biletet viser da­verande statsminister Erna Solberg, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne- og familieminister Solveig Horne på eit besøk ved Bekkestua barneskole. Bærum satsa tidleg stort på iPad til elevane.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Truleg er smarttelefonane hovudårsaka til den kulturelle omveltinga som gjer stadig fleire unge til funksjonelle analfabetar. Men som far lurer eg likevel: Skulle ikkje skulane vere på lag med oss som strevar med å avgrense skjermbruken til ungane? Og kvifor skal det såkalla læringsbrettet vere ei spelemaskin?

Læringsressursar

I haust prøvde eg å finne svar på desse spørsmåla og vende meg til Utdanningsetaten i Oslo. På nettsidene til etaten kan ein lese at nettfilteret mellom anna blokkerer nettstader som viser porno, barnemishandling, sjølvskading og narkotikaproduksjon. Alt slikt er sperra gjennom heile grunnskulen. Det er jo bra. Men filteret for reklame, spel og YouTube blir altså skrudd av frå og med femte klasse. Kvifor det, ville eg vite.

«Ulempene kommersiell påvirkning kan medføre er vurdert opp mot behovet for en variert og aktuell opplæring, som krever flere kilder i undervisningen enn tradisjonelle lærebøker. Mange skoler benytter seg av YouTube fordi det finnes gode læringsressurser der. Når det gjelder 5.–10. trinn er den pedagogiske nytteverdien av bruken av YouTube vurdert opp mot det kommersielle presset reklame kan medføre», skreiv kommunikasjonsrådgjevar Andrea Rodriguez i kommunikasjonsavdelinga til Utdanningsetaten.

«Ser Utdanningsetaten nokon prinsipielle problem med å sleppe inn kommersielle aktørar som YouTube og Minecraft på det som blir kalla eit læringsbrett», spurde eg.

«Det finnes mange kommersielle aktører som selger tjenester til utdanningssektoren. Det er alt fra forlag til store teknologiselskap som Apple og Microsoft», skreiv Rodriguez.

Pedagogisk verdi

YouTube og Minecraft kan altså samanliknast med skulebokavdelingane til norske forlag, for alle leverer tenester til utdanningssektoren. Og sidan det finst videoar på YouTube som kan brukast i undervisninga, må tilgangen vere open. Men kva med reklameforbodet? Opplæringslova seier dette: «Skoleeigaren skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke haldningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa.» Korleis kan det vere i tråd med opplæringslova at tiåringane får fri tilgang til reklamefinansierte YouTube –?på det som skal vere eit læremiddel?

Da eg spurde Utdanningsetaten om dette, vart eg vist til ein rettleiar frå Utdanningsdirektoratet kalla «Reklame i skolen». Der heiter det: «Det vil være vesentlig å vurdere om læringsmidlet inneholder reklame som har en uønsket påvirkning enten fordi det påvirker adferd, verdier og holdninger eller fordi det skaper kommersielt press. Et sentralt hensyn som bør trekkes inn i vurderingen er pedagogisk verdi.»

YouTube er definitivt i stand til å påverke åtferd, verdiar og haldningar. Det er påverknad YouTube lever av. Og eg veit om tiåringar som har fatta interesse for mellom anna synspunkta til den homofobe og misogyne Andrew Tate via skule-iPaden sin. Men Utdanningsetaten meiner at den pedagogiske verdien av YouTube er så stor at det veg opp for både reklame og annan påverknad.

Rettleiaren frå direktoratet vart elles skriven i 2009, før smarttelefonane og nettbretta erobra verda, ei tid som alt verkar fjern og litt uskuldig. I den finn vi mellom anna ei rørande drøfting som konkluderer med at Tine-logoen på kjøleskapa for mjølkeprodukt på skulane ikkje fører til for mykje kommersielt press. Å vise til ein 14 år gammal rettleiar som argument for dagens praksis, er ikkje så overtydande. Da eg spurde om Utdanningsetaten hadde gjort ei eiga vurdering av sin eigen praksis opp mot reklameforbodet i utdanningslova, fekk eg ikkje svar. «Vi opplever at vi har svart på det du spør om», skreiv Rodriguez. Eg opplevde det annleis.

I tida

E-postkorrespondansen min med Utdanningsetaten strekte seg gjennom mykje av hausten. Ein grunn til det var at leiinga i etaten ikkje ville stille til intervju, som eg opphavleg bad om. Fungerande direktør Kari Andreassen og kommunikasjonsdirektør Randi Hagen Eriksrud svarte aldri på e-breva eg sende. Eg fekk derimot nokre skriftlege svar frå Trond Ingebretsen, divisjonsdirektør for tenesteutvikling, digitalisering og analyse i etaten. Eg spurde han mellom anna om korleis Utdanningsetaten vurderer iPad-bruken i Oslo-skulen i lys av den fallande lesinga blant norske barn.

«Vi er bekymret for at en del av elevene våre ikke utvikler gode nok leseferdigheter. Årsaken er kompleks, og det er ikke noe enkelt svar på hva som må gjøres for å endre dette. Det blir for enkelt å koble det til innføringen av skjerm i skolen, vi mener det først og fremst handler om hva vi gjør på skjermen. I en verden som stadig utvikler seg i en digital retning, er det avgjørende at skolene følger med i tiden», skreiv Ingebretsen.

«Kva tenkjer Utdanningsetaten om at Oslo-skulen undergrev foreldre som ønskjer å avgrense skjermbruken til barna på fritida», spurde eg.

«Vi har forståelse for at det kan være vanskelig å begrense skjermtid på fritida, men vi mener likevel det er riktig at elevene får utdelt en digital enhet. Læreplanene fordrer at man lærer med penn og papir, og digitalt. I Oslo er det også et viktig sosialt utjevnende tiltak, og vi stoler på at skolene våre finner gode, lokale løsninger for sine elever», svarte Trond Ingebretsen.

Appkontroll

I november kom eit lite framsteg for foreldre som vil ha meir styring med skjermbruken til barna sine. Da gjorde Utdanningsetaten og skulen tilgjengeleg ein app kalla Jamf Parent, som i prinsippet kan gje foreldre meir kontroll over iPadane utanfor skuletid. Eg tok appen i bruk så snart han kom, og det var ikkje enkelt. Eg har 40 års erfaring med datamaskiner og 10 års erfaring med smarttelefon, men noko så lite brukarvenleg som Jamf Parent kan eg knapt hugse å ha vore borti. Til slutt fekk eg likevel dressert appen til å låse iPaden frå klokka 15.00, som er det tidlegaste tidspunktet som er mogleg. Sidan skulen sluttar 14.00, fekk eg dermed redusert tida brettet var tilgjengeleg som spelemaskin til ein time per skuledag.

Kor mange foreldre ved Oslo-skulane som har installert appen, har fått han til å verke og brukar han aktivt, veit eg ikkje. Men det er i det minste betre at det finst ein slik app enn at det ikkje gjer det. Kan hende blir dette eit bidrag til at det makelause biblioteket Biblo kan få vere ein stad for å lese, lære og skape. Men Jamf Parent er så langt berre tilgjengeleg ved ein del Oslo-skular. Kva typar filter og appkontroll kommunar og skular rundt i landet har på iPadane og PC-ane, varierer mykje.

Kunnskapsfall

Så langt har denne teksten rørt seg på små digitale flater der djevelen bur i detaljane. Men også dei store spørsmåla om digitaliseringa av den norske skulen blir reiste no. Slike spørsmål kjem dagleg på Facebook-gruppa Opprop for mindre skjermbruk på barneskolen, som har passert 21.000 medlemer. Her kjem hjartesukka og sinneutbrota frå foreldre som slit med å følgje med på læringa til barna når leksene er lausrivne digitale dokument. Tusentals foreldre har erfart at iPaden, den mest brukte digitale plattforma i barneskulen, er dårleg å lese på, verre å skrive på og ueigna til dei fleste typar matematikkoppgåver.

Kanskje blir 2024 året da digitaliseringa i den norske skulen blir sett i revers – i alle fall er det teikn i tida som peikar den vegen. Eitt av dei er den veksande uroa over kunnskapsnivået. Norske barn har blitt stadig dårlegare til å lese sidan iPad og Chromebook kom inn i klasseromma. I 2021 var ein av fem norske 10-åringar på lågt meistringsnivå i lesing, ein dobbelt så stor andel som i 2016. Pisa-resultata som vart lagde fram 5. desember, synte at det står enda verre til med matematikken: Frå 2018 til 2022 auka andelen lågtpresterande 15-åringar i matematikk frå 19 til 31 prosent.

Ingen kan prove at digitaliseringa av skulen er hovudårsaka til fallet, men stadig fleire koplar dei to tinga. «Det er mye som tyder pa° at elevene bør lese mer pa° papir», heitte det i den første delrapporten frå det regjeringsnedsette Skjermbrukutvalet 15. desember. Også leiande politikarar gjer no ei slik kopling. Da kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun la fram dei nedslåande Pisa-resultata 5. desember, sa ho: «Vi vet at politikerne i flere år har latt digitaliseringen fått skyte fart, uten å kanskje stille de riktige kontrollspørsmålene. Vi vet at skjermbruken er høy. Og at den gjør noe med konsentrasjonen, oppmerksomheten og utholdenheten vår», sa Nordtun, og lova å få betre kontroll på digitaliseringa i skulen.

Den same bodskapen kjem frå statsministeren. «Vi vil stoppe det jeg vil gå så langt som å kalle den ukritiske digitaliseringen. Det digitale har en rolle, men har fått for stor rolle», sa Jonas Gahr Støre på pressekonferansen sin tysdag denne veka.

«Eit svik»

Nabolanda våre har kome lenger i retretten. I november bad den danske barne- og undervisningsministeren Mattias Tesfaye på vegner av politikarane om orsaking til «ein generasjon digitale forsøkskaninar». «Vi har svikta ein generasjon av barn og unge ved å frårøve dei evna til å fordjupe seg på grunn av naiv teknologibegeistring», sa Tesfaye til Politiken. Han har full støtte frå statsministeren. «Skal vi ha mykje mindre skjerm i skulen? Ja. Skulle skjermane nokon gong ha vore i barnehagane? Nei», sa Mette Fredriksen i Folketinget i mai i år.

Også Sverige, som lenge hadde ambisjon om å liggje i verdstoppen i digitalisering av skulen, har slått revers. «Det har vore ei ukritisk haldning til digitalisering i skulen. Ei fysisk bok har fordelar som ingen iPad kan erstatte», skreiv skuleminister Lotta Edholm i eit avisinnlegg i desember i fjor. I eit intervju med Svenska Dagbladet kalla ho digitaliseringa i skulen «eit mislukka eksperiment». Dei neste åra vil den svenske regjeringa bruke 500 millionar kroner på innkjøp av skulebøker årleg.

Det er for tidleg å slå fast at eit slikt tilbaketog kjem også i Noreg. Rektorar, rådmenn, politikarar, forskarar og utdanningsbyråkratar har investert prestisje i det store digitale eksperimentet, og mange milliardar kroner er investerte i datautstyr til skulane. Da er det tungt å snu. Men etter mange år der digitalisering alltid var svaret for skulen, blir omsider spørsmåla stilte. Framtida er open att.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis