Therese Johaugs tapte ære

Idrettsjussen har sine eigne reglar: Du er skuldig til du har bevist at du er uskuldig.

Publisert Sist oppdatert

Ho blei tatt for clostebol, men treng ikkje gå i kloster av den grunn. Ho er subjektivt uskuldig, men hadde objektivt ansvar for spor av eit forbode stoff i kroppen sin. Ho stolte på landslagslegen og var uaktsam i gjerningsaugneblinken. Det var for lite dop frå leppekremen til at det var prestasjonsfremjande. Likevel blir ho utestengd. Punktum. Intensjon og sanning er relevant for omdømme og ære, men ikkje for dom og straff. Bevisbyrda er omvend: All tvil kjem tiltalaren til gode. Slik er idrettens interne juss, og han skil seg både frå nasjonalkjensla, allmenn rettskjensle og normal juss på andre arenaer.

Nå sit ho der framfor ankenemnda som me aldri har sett henne før: utan eit einaste sponsormerke, som ufriviljug hovudperson i Tekst-TV-utgåva av Langsam-TV frå Brannlosjen på Ullevål stadion. Ho skal dømmast til skrekk og åtvaring for dei verkeleg skuldige og doplangande legane, for å verna sånne reine som henne mot juksemakarane.

Norske myrsniper

var ikkje budde på dette. Me er rettferdig forarga over det statsorganiserte russiske dopregimet i særklasse. Me har flirt av utlendingar med fargerike bortforklaringar om anabole steroid frå forureina kornblandingar og kjøt frå belgisk blå. Me mista trua på finsk sisu då det viste seg at det var meta-amfetamin og blod i posar. Me har nekta å tru på sunne sjeler i dopa lekamar. Me har ihuga forsvart våre reine heltar mot ufortent mistanke fordi dei er hardtarbeidande og gjer det godt. Sånne som den kule Kari Traa, eigedomsinvestoren Bjørn Dæhlie og ullsokkrentenisten Vegard Ulvang. Og det siste året ikona Martin Johnsrud Sundby og Therese Johaug, ho som ikjøtar det naturleg friske og alt som er godt norsk.

Minnet er selektivt.

Toppidretten er ikkje alltid sunn og har lenge vore på villspor og trakka over. Også i Noreg. Me fortrengjer dopa vektløftarar, skeiseløparar og kappgjengarar. Me vil helst ikkje vita at handballspelarar åt seg til musklar og skiftande humør på piller dei kalla sterile hemoroidar og hadde med seg i plastposar etter kampar i Aust-Europa. Me har gløymt kulestøytande politimenn frå Grenland og Arendal som fekk stadig blankare medaljar i posten når dei som stod over dei, blei tatt for doping – heilt til dei sjølve blei avslørte som bolarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement