Theis Ørntoft

Danske Theis Ørntoft romandebuterer med ei dystopisk skildring av samtida, men ser teikn til optimisme for framtida.

Theis Ørntoft meiner vi har mista kontakten med naturen og står hjelpelause att i ein sivilisasjon av teknologi vi verken forstår eller skjønar følgjene av.
Theis Ørntoft meiner vi har mista kontakten med naturen og står hjelpelause att i ein sivilisasjon av teknologi vi verken forstår eller skjønar følgjene av.

– Kva gjer vi som individ og art dersom all teknologien som fasiliterer kvardagen vår, plutseleg skulle bryte saman? Korleis får vi tak i vatn om det ikkje lenger skulle gå å opne krana, spør den danske forfattaren Theis Ørntoft (34) retorisk.

Han har kome syklande på ein grøn sykkel og parkert inntil husveggen på Nørrebro i København. På inngangsdøra står namnet hans på ein kvit papirlapp. Innanfor serverer han pulverkaffi. Svart og enkelt.

Svart og enkelt er òg svaret hans: Han meiner vi har mista kontakten med naturen vi er ein del av og avhengige av, og at vi står hjelpelause att i ein sivilisasjon av kultur og teknologi vi verken forstår eller skjønar følgjene av.

– Vi kan ikkje sjå skilnad på ein giftig plante og ein medisinplante. Til gjengjeld skannar vi villniset i kulturen med fintfølande blikk og merkar instinktivt skilnaden i tyding mellom ein emoji som smiler litt og ein emoji som smiler litt meir, seier han om «den seinmoderne velferdsborgaren».

Den seinmoderne velferdsborgaren er hjelpelaus og forvirra, og han er hovudpersonen i Ørntofts debutroman Solar, som nyleg kom ut i Danmark.

Tidlegare har Ørntoft gjeve ut to prislønte diktbøker, debuten Yeahsuiten i 2009 og den klimakritiske Digte 2014. Sistnemnde kom òg ut i Noreg, og forfattaren vart då omtala som «Danmarks litterære wonderboy».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement