Politisk idéhistorie

Tese 15

Det moderne samfunnet treng fotball

Oliver frå Berlin jublar over eit nytt mål i opningskampen mot Costa Rica under fotball-VM i Tyskland i 2006.
Publisert Sist oppdatert

Berlin-OL i 1936 har vorte ståande som ei påminning om farane ved massenasjonalismen. Hitlers nasjonalistiske bruk av sporten sette traumatiske spor etter seg, ikkje minst i Tyskland.

I 2006 våga den gjenforeinte tyske nasjonen for fyrste gong sidan 1945 å feire seg sjølv som vertskap for eit knirkefritt gjennomført fotball-VM. VM-fellesskapen vart eit reinsingsritual for ein nasjon som søkte anerkjenning som demokratisk stat.

Det var altså eit fotballarrangement som gjorde det mogleg for tyskarane å vise kjensler i stort format – eit arrangement formålslaust retta inn mot den viktigaste bisaka i verda: fotball. Men bak denne bisaka ligg ei hovudsak: delte kjensler – det stoffet som samfunnslivet òg er vove av. Knapt noko anna maktar å samle ei heil verd som dei store fotballmeisterskapane (eller dei olympiske sommarleikane), der mange menneske på same tid lyttar til, ser på, diskuterer og vert oppglødde av det same.

Desse globale arrangementa styrkjer både dei postnasjonale og dei nasjonale fellesskapane på ein og same gong, og fremjar ei særprega kollektivisering med avgrensa tidlengd; langvarig kollektiv-emosjonell ekstase kan som kjent få katastrofale følgjer. Slike meisterskapar kan sjåast som sinnbilete på eit verdssamfunn av konkurrerande nasjonar – noko anna enn ei kosmopolitisk ordning av einskildindivid.

Den globale fotballen har vorte gjennomkommersialisert, «ein vanstyrt villvestkapitalisme»: «Grådigskap trugar det vakraste av alle spel», konstaterte den korrupte Fifa-presidenten Sepp Blatter, før han sjølv fall for sitt eige spel.

Men det merkelege er at fotballkulturen, trass i symbiosen med dei mest korrupte autoritære regima, ikkje ser ut til å miste den gripande masseappellen sin – heller ikkje i demokratisk opplyste samfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement