Politisk idéhistorie

Tese 12: 

«I opphavet var grunn­fjellet.» Slik ville ei nasjonalisert utgåve av Johannes­evangeliet opne.

Geolog-assistentane W. C. Brøgger og Hans Henrik Reusch i feltutstyr og på måla bakgrunn i samband med ein ekspediskon til Korsika i 1876.
Publisert Sist oppdatert

Norge i det nittende Aarhundrede, som vart gjeve ut i tre bind omkring 1900, var eit tidsmessig politisk verk i nasjonaldemokratisk ånd med den pedagogiske danningsagenten Nordahl Rolfsen som redaktør; hans Læsebog for Folkeskolen (1892–95) var i flittig bruk til utpå 1960-talet (totalopplag: 9 millionar).

Trebindsverket samanfatta den nasjonale kartlegginga av det utgåande hundreåret med geologane i front, med kapittelet om «Norges geologi» som det fyrste, skrive av geologiprofessor W.C. Brøgger.

Brøggers tema var den geologiske «dannelsen»: «dannelsen av det faste fjeldgrund». Han analyserte dei geologiske kreftene som hadde forma det norske landskapet. Dei same kreftene som hadde gjort jordsmonnet fattig og karrig, hadde òg «git landet sin stolte naturskjønhet». Også naturen har si historie, og Brøgger dreiv med geologi som historieforteljing, som landskapshistorie, langs tre dimensjonar: utviklinga av livet på jorda, utviklinga av landet ved slutten av istida og utviklinga av dei eruptive bergartane. «I begynnelsen var grunnfjellet!» er Geir Hestmarks treffande overskrift over Brøggers virke.

Grunnfjellet var ifølgje Brøgger det eigentlege «Gamle Norge» – «geologerne regner som bekjendt ikke med smaa tidsmaal».

Geologi er ein grunnleggjande nasjonal disiplin, med Jens Esmark (1763–1839) som den fyrste professoren ved universitetet alt i revolusjonsåret 1814. Han vart etterfølgd av B.M. Keilhau (1797–1858) og Theodor Kjerulf (1825–1888). Kjerulfs Udsigt over det sydlige Norges geologi (1879) var geologane sitt motstykke til Venstre-historikaren Ernst Sars’ firebindsverk Udsigt over den norske historie (fyrste bind kom i 1873).

For geologane gjekk vitskap og nasjon i eitt: Framsteg for vitskapen var framsteg for fedrelandet. At Waldemar Brøgger, Kjerulfs etterfølgjar, vart vald til den fyrste rektoren på universitetet etter 1905, var nærmast sjølvsagt ut frå den universitetsstrategiske rolla han (og geologane) hadde spelt i den føregåande perioden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement