Politisk idéhistorie

Tese 10

Saint-Simon var ideologen til Gerhardsen-regimet.

Plakat frå stortingsvalet 1945. Illustrasjon: Willi Midelfart
Publisert Sist oppdatert

Ifølgje Henri Saint-Simon (1760–1825) var det nye industrisamfunnet grunnlagt på arbeid, produksjon og rasjonalitet, styrt av ingeniørar, planleggjarar og teknokratar. Saint-Simons industrialisme kom til Arbeidarpartiet via Ole Colbjørnsen, som hadde følgt kommunistane ved partisplittinga i 1923.

Då Colbjørnsen i 1931 kom attende til Oslo (og til Arbeidarpartiet) etter eit mangeårig studieopphald i Moskva i stalintida, var det med Saint-Simon og ikkje Marx i kofferten: Vegen til sosialismen gjekk via effektiv organisering av industriproduksjonen under leiing av planteknokratane. Alt i 1933 kunne Colbjørnsen konstatere at industrialismen hans hadde fått gjennomslag i Arbeidarpartiets program: Partiet fekk for fyrste gong «et virkelig industriprogram».

Arbeidarpartistaten under Gerhardsen var framfor alt regimet til den moderne industrialismen. I den industrielle moderniseringa måtte arbeidarrørsla gå føre, påpeikte viseformannen i Arbeidarpartiet, Trygve Bratteli, i 1945, for borgarskapet hadde vist at det ikkje «var i stand til å føre industriutviklingen videre framover».

Det var særleg to industrielle miljø Arbeidarpartiet knytte til seg. Det eine var sosialøkonomane, med finansminister Erik Brofoss i spissen, han som ifølgje Gerhardsen «drev verket». Ein statleg styrt industriproduksjon, uttrykt i vekst i bruttonasjonalproduktet, var den nye formelen til sosialøkonomane. Plakaten «Vi bygger framtidens Norge» av Willi Midelfart visualiserte den industrielle visjonen: kraftlinene, fabrikkpipene og vegane gjennom det gamle åkerlandet.

Det andre miljøet var forskingsingeniørane. Dei kom via Milorg-sjefen Jens Chr. Hauge, som gjekk over frå Venstre til Gerhardsens parti i 1945 og vart forsvarsminister. «14-dagerssosialisten», kalla LO-formann Konrad Nordahl han. Med Hauge kom ei entusiastisk gruppe forskingsingeniørar som ville vinne freden ved ei kunnskapsindustriell modernisering av landet.

Forsvarets forskingsinstitutt og Institutt for atomenergi var dei nye sentrale institusjonane, med atomfysikaren Gunnar Randers som nøkkelperson. Randers gjorde seg til talsmann for ein radikal saintsimonisme: ei verd leidd av ein kunnskapsindustriell elite med sterk naturvitskapleg framstegstru: «Naturvitenskapen er kommet forholdsvis langt i den verden vi skal rydde opp i idag.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement