Terje Tvedt: Noreg i verda

Landa på Afrikas horn har vorte skildra som om framtida deira kviler på norske friviljuge hjelpeoganisasjonar.

Generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktninghjelpa hevda i 2011 at kritikk i Noreg av dei humanitære organisasjonane var særs umoralsk, fordi det rett og slett kunne føra til massedød i Afrika.
Generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktninghjelpa hevda i 2011 at kritikk i Noreg av dei humanitære organisasjonane var særs umoralsk, fordi det rett og slett kunne føra til massedød i Afrika.
Publisert

Kvar tidsepoke skapar sine eigne måtar å sjå verda og seg sjølv på. Den kaotiske, uoversiktlege røynda vert ordna og forenkla i samsvar med nokre dominerande perspektiv. Bistandsepoken i noregshistoria forma òg særeigne bilete av Afrika, Asia og Latin-Amerika – og av Noreg, sidan landet gjekk inn ei heilt ny rolle som rådgjevar og utviklar for «den andre». Skal ein forstå historia til internasjonaliseringa av Noreg, er det difor naudsynt å identifisere og forstå korleis dei rådande perspektiva knytte til denne unike relasjonen filtrerte omverda.

Sommaren og hausten 2017 blei ein tørkekatastrofe i Somalia og på Afrikas horn endå ein gong skildra i norsk media: Katastrofen var alvorlegare enn nokon gong, elendet stakk stadig djupare og i det handlande sentrumet stod norske humanitære organisasjonar.

Eg las avisartiklane om tørkekatastrofen medan eg skreiv ferdig boka Det internasjonale gjennombruddet, og dei illustrerte særs tydeleg eit poeng ved historia om korleis Noreg på verdsscena og som bistandsland utøvde nasjonal makt over tenkjemåtar og politikk.

«Dei andre»

Desse bileta kviler på ein paternalistisk og undertrykkande stereotypi av «dei andre» og ei eindimensjonal, nærast helteframstilling av dei norske hjelparane med store konsekvensar for samtidshistoria og for mellommenneskelege tilhøve.

Eit slåande trekk ved korleis norske aviser i perioden 1980 til 2017 skreiv om svoltkatastrofane på Afrikas horn, er monotonien. Bileta liknar mest på stilleben, men med særs kraftfulle, emotive motiv: døyande afrikanske born, skjelett av dyr i ørkenen, ein talsmann for ein humanitær organisasjon «i felten» som fortel kor mange millionar som er truga eller døyande, og i sentrum: hjelparane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement