Terje Tvedt: Noreg i verda
Dignity-dagen var ein storslått idé der alle skulle lære om verdigheit. Kronprins Haakon var med på å lansere initiativet under World Economic Forum i 2006.
I april 2010 vart Ulsrud vidaregåande skule ein fyrste testskule for Dignity Day-prosjektet i Oslo. Den 21. april dette året var kronprinsen æresgjest på skulen. Til stades var òg ordførar Fabian Stang, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og pressa.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
I ein serie med artiklar for Dag og Tid, kalla «Noreg i verda», har eg freista å gje nokre talande døme på kva som skjedde i dei avgjerande tiåra då Noreg som stat debuterte på den globale arenaen som rådgjevar og støttespelar for fattige land i utvikling, og då folk frå ei rad fattige landa utanfor Europa for fyrste gong kom til Noreg. Dette er ei radikal brytningstid som er viktig å forstå i den lange soga til landet.
Eg har vore opptatt av å få fram at perioden skapte og blei til dels skapt av nye politiske krefter. For å få fram ulike sider av dette politikkfeltet har eg funne det fruktbart å kalla det både det humanitærpolitiske komplekset, det «sørpolitiske systemet» og det nasjonale godleiksregimet. Eg har synt korleis dette politiske miljøet stod i spissen for at Noreg kunne vere med på å etablere Eritrea som ein ny, sjølvstendig stat på Afrikas Horn i 1993 og Sør-Sudan som ein sjølvstendig stat i Nilvassdraget i 2011.
Artiklane har òg handla om korleis tilhøvet mellom politikk, forsking og journalistikk på feltet var merkt av heilt særeigne og tette band, og om bakgrunnen for ei særleg sterk felles semje som herska på nokre av kjernespørsmåla som dominerte perioden.
Artiklane viser makta det humanitærpolitiske komplekset og det nasjonale godleiksregimet har hatt over politikk, institusjonar og elitedanning i perioden.
Grenser for makt
Dette fellestrekket kan gje eit inntrykk av at denne nye politiske eliten har hatt så å seie «all» makt i det internasjonale gjennombrotet. Men analysen min av det norske samfunnet kviler sjølvsagt ikkje på ei så banal oppfatning om kva eit samfunn, ein elite og makt er. Alle moderne samfunn har mange elitar, og dei ulike formene for makt vil ofte vere avgrensa til det delsystemet i samfunnet dei sprang ut av og er ein del av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.