Teppebombing à la First House

Asker kommune hyra First House for å påverke planane for nye E18. Kommunen vart rådd til å selje inn innslag til Dagsrevyen, teppebombe media og å «vaksinere» mot argumenta til motstandarane.

Publisert Sist oppdatert

Truverdet til motstandarane bør reduserast. Publikum skal vaksinerast mot argumenta deira. Media må «teppebombast» med lesarinnlegg. Tilhengjarane må fram i media og kontakte andre pressgrupper. Dette er verkemiddel lobbyfirmaet First House lanserte for å fremje interessene til Asker kommune i bygging av ny E18 gjennom kommunen.

Asker kommune ønskte å få ny E18 gjennom den såkalla Vestkorridoren, for ein stor del lagt i tunnel, inn i Nasjonal Transportplan for 2014–2023, og det var dette First House skulle hjelpe til med. Lobbyfirmaet laga ein tjue siders kommunikasjonsstrategi som mellom anna omfatta ein aksjonsplan og eit eige aksjonsutval som skulle skape veg i vellinga. Rapporten er datert mars 2012.

Politisk «kokkelag»

Med på laget frå First House var Erlend Fuglum, Nils Apeland, Bjarne Håkon Hanssen, Torbjørn Sølsnæs, Bjørn Richard Johansen, Tor Mikkel Wara og Sylvi Listhaug.

Fuglum har bakgrunn frå Senterpartiet, Hanssen frå Ap, Sølsnes og Johansen frå Høgre og Wara og Listhaug frå Frp. Fuglum var kontaktperson i First House for oppdraget, men var ikkje med på innspurten i arbeidet med rapporten. 3. februar 2012 vart han nemleg utnemnd til statssekretær for Liv Signe Navarsete i Kommunal–?og regionaldepartementet og sat fram til regjeringsskiftet 16. oktober i fjor. Han skal tilbake til First House, men er no i karantene på seks månader fram til 16. april.

Lobbyfirmaet meinte at Høgre-ordføraren i Asker, Lene Conradi, skulle leie aksjonsgruppa som skulle «fronte saken i offentligheten». Arne Hjeltnes, vestlending som bur i Asker og som er medlem av sentralstyret i Høgre, burde vere med. Tidlegare samferdslebyråd i Oslo frå Frp Jøran Kallmyr burde også vere med. Så hadde dei funne plass til NN frå Ap og NN frå Sp. I tillegg ville dei ha med Jon H. Stordrange, administrerande direktør i NHO Transport og Roger Hansen, forbundsleiar i Transport-arbeidarforbundet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement