JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tårer og gleder i ei krigstid

Medan avgjerda om kvar ein nasjonal militær gravlund skal liggje, dreg ut i tid, har styresmaktene endra ekteskapslova slik at eit bryllaup kan organiserast på éin dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I nysnøen ved fronten nær Avdiivka, i landsbyen Krasnohorivka, freista ein russisk stridsvognkolonne å trengja gjennom ukrainske liner 29. oktober 2023, men ble tvinga på retrett av artillerield.

Kjelde: https://censor.net

10352
20231103

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Sterk kuling råka Ukraina førre veke og velta hundrevis av tre, kutta kablar og gjorde mange hushald straumlause for ei tid. Alt har kurs mot vinter. På austfronten har det alt lagt seg snø på markene, og ferske videoopptak frå ukrainske dronar er lysare og gjev sterkare inntrykk.

I Avdijivka-området angrip russiske stridsvogner og mobilt artilleri kvar dag. Dei kryssar snødekte jorde i full fart og etterlèt seg svarte striper av berr mark. Ikkje før har ukrainske artilleristar slått ut nokre av dei, så snur dei fiendtlege køyretøya og pilar attende til posisjonane sine i den same høge farten, og lagar nye svarte striper på jorda.

Snø vekkjer ulike assosiasjonar hos folk. Somme hugsar barndommen sin, andre byrjar fundere på korleis dei skal feire jul. Men for mange ukrainarar skaper snøen som fell no, ei kjensle av uro. Det er jo slik at snøen utset alle byggjeplanar til våren, inkludert planen om å opprette ein nasjonal militær gravlund, som var tenkt å bli den viktigaste kvilestaden for dei militære heltane i denne krigen.

Det er ingen løyndom at mange familiar til falne militære forvarar urnene med oska etter søner og ektefellar heime medan dei ventar på at gravlunden skal bli til. I tillegg er mange urner med oska etter falne ukrainske soldatar å finne i krematorium.

Så tidleg som i mai 2022 røysta den ukrainske nasjonalforsamlinga for å skape ein nasjonal militær gravlund, men planlegginga av eit nasjonalt militærpanteon har ikkje kome vidare. Faktisk er lovframlegget enno ikkje underteikna av president Zelenskyj.

Opphavleg var det bestemt at plasseringa av panteonet skulle diskuterast med familiane til offera. I mars vart den frivillige organisasjonen Heart Out registrert i Ukraina. Han sameiner slektningane til falne ukrainske soldatar. Dessverre veks organisasjonen dag for dag, og han blir – sjølvsagt – meir og meir aktiv.

Grunnleggjar og leiar er Vera Litvinenko, mor til soldaten Vladislav Litvinenko, som døydde i Mariupol. Det er oftast ho som uttaler seg på vegner av slektningane til falne soldatar.

Takk vere innsatsen til Olena Yaroshenko kan offisielt godkjende giftarmål for soldatar gjerast unna på ein god dag.

I byrjinga diskuterte styresmakter i stat og kommune opprettinga av ein nasjonal militær gravlund i Kyiv, i nærleiken av holocaustminnesmerket Babi Jar, og på tre andre stader ikkje langt frå sentrum i byen. Men av ulike årsaker vart desse planane skrinlagde.

Det neste framlegget som vart diskutert, gjekk ut på å lage eit gravlundkompleks heilt i utkanten av Kyiv, nær byen Bykivnja. Denne staden vart berykta i Ukraina i sovjettida. Mellom 1937 og 1940 vart «fiendar av folket» skotne i skogen ved Bykivnja av offiserar frå NKVD, forløparen til dei hemmelege tenestene KGB. Lika vart gravne ned i løyndom – blant dei var mange representantar for den ukrainske intelligentsiaen, forfattarar, journalistar, lærarar og vitskapsfolk.

Slektningane til offera sa seg einige i plasseringa av den nasjonale militære gravplassen i Bykivnja, men så ombestemde representantane for regjeringa seg att og vedtok å leggje gravplassen lenger vekk frå Kyiv, til Fastiv-distriktet, innanfor grensene til landsbyen Gatne.

Den offisielle forklaringa på endringa av planane var at Bykivnja alt har eit minneanlegg, «Bykivnja-graver», vigt til offera for undertrykkinga under Stalin. Ei anna grunngjeving var at det ikkje er plass nok i Bykivnja til heile det nasjonalmilitære anlegget.

Opphavleg vart det opplyst at anlegget skulle dekkje 100 hektar. I Bykivnja var storleiken på det planlagde anlegget redusert til halvparten. Alle deltakarane i prosjektet – kulturdepartementet, departementet for veteransaker, det nasjonale minneinstituttet og styresmaktene i Kyiv by – vart samde om å satse på landsbyen Gatne.

På dette stadiet protesterte slektningane til dei døde soldatane mot den planlagde plasseringa, og konflikten mellom dei og styresmaktene hamna i media og på gatene i Kyiv. For det første er det ikkje så enkelt å kome seg til Gatne, på grunn av konstant trafikkork ettersom den største gravplassen i Kyiv, Pivdenne, ligg i det same området. For det andre er det ein «tysk gravplass» like ved. Dei gravlagde der er tyske soldatar som døydde i andre verdskrigen, og tyske krigsfangar som døydde etter krigen medan dei bygde opp att den øydelagde byen Kyiv.

Representantar for dei ukrainske styresmaktene meiner at Gatne er den beste staden for ein slik gravlund fordi det er nok plass der. Dessutan er det ikkje like strenge restriksjonar på byggjeverksemd der som innanfor bygrensene til Kyiv. I tillegg til sjølve gravlunden skal anlegget omfatte eit krematorium, rom der ein kan seie farvel til dei døde, eit museum og andre bygningar.

Olena Tolkatsjeva er ein velkjend frivillig, politikarar og krigsveteran. Ho seier: «Slektningane til offera ser på framlegget om å etablere ein gravplass i Gatne i staden for Bykivnja som ei krenking. Gatne ligg langt frå hovudstaden, medan Bykivnja er innanfor bygrensene til Kyiv, og det er lett å kome seg dit med metroen. Gravstader og urneveggar kan fint plasserast der, og alt kan bli bygt mykje snøggare. Det ser likevel ut til at det ikkje er nokon politisk vilje til å bruke den plasseringa.»

Alle reglar og seremoniar som gjeld den framtidige nasjonale militære gravlunden, er alt skisserte. Det er no klart kven som vil ha rett til å bli gravlagde på denne plassen, og kven som ikkje vil ha det. Gravferder på denne gravlunden vil skje på statens kostnad.

Dette er truleg ikkje det viktigaste for slektningane til dei falne soldatane. Men det at militært personell som alt er gravlagde på andre gravplassar, ikkje kan jordfestast i den nasjonale militære gravlunden, er ein mykje meir alvorleg restriksjon. Det er grunnen til at slektningar oppbevarer urner med oska av sine døde heime eller i krematorium. Rett nok finst det slektningar som ikkje lenger gjer det, fordi dei har mista tolmodet eller trua på prosjektet.

Laurdag 28. oktober gravla slektningar til Olexander Gryanik oska etter han på kyrkjegarden Lukyanivske i Kyiv. Familien visste ikkje kva som hadde skjedd med han, til leivningane etter han endeleg vart identifiserte med DNA-testing, åtte månader etter at han forsvann i kamp. Han vart kremert i januar 2023, og sidan har familien hans venta på opninga av den nasjonale militære gravlunden. Men dei gav opp å vente. «Hjartet mitt kjenner seg betre no når vi kan kome hit, ha med blomar, snakke med sonen vår», sa far til Gryanik etter bisetjinga.

Men for slektningar etter falne som framleis ventar på den nasjonale militære gravlunden, held kampen fram. I august i år la dei inn eit krav på nettstaden til presidentkontoret, der dei bad president Zelenskyj om å vende attende til det opphavlege framlegget om plassering av kyrkjegardsanlegget i Bykivnja. Sant nok har dei samla berre halvparten av dei 25.000 underskriftene som trengst for at kravet skal få nokon verknad.

I mellomtida har krigen gått inn i ein ny fase med opptrapping, og gravferdsmusikk blir høyrt dagleg i alle delar av Ukraina. Dei fleste falne soldatar har slektningar som bur utanfor Kyiv og Kyiv-regionen, og dei tek ikkje del i diskusjonen om plassering av den framtidige nasjonale militære gravlunden. Dei jordfester sine kjære «heime», på lokale kyrkjegardar. Denne krigen har ført med seg utvidingar av kvar einaste kyrkjegard i Ukraina.

Det kan verke underleg, men den same krigen har òg utvida nedslagsfeltet for ekteskapsbyrå. Krigen har ikkje teke lysta til å gifte seg frå folk, og gifte seg gjer dei, ikkje berre bak, men òg ved fronten. I tillegg finst det no byrå som organiserer bryllaup for militært personell gratis og på kortast mogleg tid.

Eit slikt byrå vart starta av Olena Jarosjenko frå Zaporizjzja. I fjor, da Zaporizjzja vart nådelaust bomba, flytta Olena Jarosjenko til Khmelnitsky, vekk frå frontlina. Men ho organiserer bryllaup for militære over heile Ukraina, inkludert på buplassane nærmast fronten.

Av og til er både brur og brudgom militære, men oftare er brudgommen ein soldat som har permisjon eit par dagar til bryllaupet, og til vanleg ser paret berre for seg ei rask underskriving på vigseldokumenta med minimal seremoni og inga feiring. Dei vender seg til Olena, men Olena overtyder dei om å ha eit skikkeleg bryllaup. Ho finn bryllaupsklede til dei – gratis, det òg. Ho finn eit passande lokale og gjev paret ei innføring i alle slags ukrainske bryllaupstradisjonar og ritual. Resultatet er eit ugløymande bryllaup, med bilete av glade andlet og smil.

I løpet av dei seinaste sju åra har Olena Jarosjenko organisert over 50 bryllaup for militært personell. «Dette er vår måte å takke folka våre på. Fordi dei risikerer livet, vil vi gje dei den beste dagen i livet», seier ho.

Mykje har endra seg i ukrainsk lovgjeving om giftemål sidan februar i fjor. No treng du ikkje vente ein månad etter å ha fylt ut ein søknad om å få gifte deg. No kan du gjere alt på ein dag. Dessutan treng ikkje militært personell vere stades in persona under seremonien; dei kan vere der online.

Den nærmaste overordna til ein soldat kan òg stå for vigselen. Dette kan dessutan gå føre seg online.

I Ukraina seier folk no ofte «eg trur på det ukrainske militæret» på same måte som dei kan seie «eg trur på Gud». At eit giftemål kan gjennomførast midt i skyttargrava mellom slaga, gjev militære sjefar gudeliknande eigenskapar.

Det er bra at endringar i ekteskapslova vart innførte så raskt; det gjer livet enklare for mange unge par. Krangelen om etableringa av den nasjonale militære gravlunden, derimot, er ikkje bra. Men same kva, vinteren er undervegs, kulda og snøen. På denne tida av året må kjensler vike. Og eg håpar at når våren kjem, vil dei ukrainske styresmaktene vere i stand til å finne ei løysing som kan passe for alle, og framfor alt for familiane til dei falne ukrainske soldatane.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis