Tapte kampen om EØS
Boye Ullmann tapte kampen for å få Fellesforbundet til å gå imot EØS-avtalen, men ser likevel ein viktig siger i vedtaket.
Med 300 mot 218 røyster gjekk landsmøtet i Fellesforbundet denne veka imot å krevje at EØS-avtalen vert sagt opp.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Fellesforbundet, som tradisjonelt har vore den store forsvararen av EØS-avtalen i LO, krev at det vert laga ei offentleg utgreiing som syner kva alternativ Noreg har til dagens EØS-avtale.
Landsmøtet i forbundet vil likevel ikkje krevje at EØS-avtalen vert sagt opp. Det forslaget fall med 218 mot 300 røyster. Det skuffa Raudt-medlem og organisasjonsarbeidar i Rørleggernes Fagforening, Boye Ullmann, stort.
– Ja, det er klart eg er skuffa. Vi var tre røyster unna fleirtal imot EØS-avtalen på landsmøtet i 2015, men då sa Fellesforbundet òg ja til EØS. No har ikkje forbundet noko uttalt syn på avtalen, og det er ein viktig siger. Det har vorte spelt på at ein del var usikre, og at fleire synest det verkar for dramatisk å gå ut. Ein god del EØS-skeptikarar og -motstandarar røysta for utgreiing fordi dei ønskjer meir kunnskap.
– Når vi ser kor mykje trøbbel det å melde seg ut utan å ha ein klar plan for korleis, har skapt for britane, er det ikkje lurt å få ei utgreiing?
– Jau, og vi seier jo òg at vi vil ha ei kunnskapsbasert utgreiing fyrst. Og brexit har tydelegvis skremt mange, men der er det jo strid om heilt andre spørsmål, som grensa mellom Irland og Nord-Irland til dømes. Om det no vert ein no deal-brexit eller new deal-brexit, kjem handelen til å halde fram. EU ønskjer å halde fram med å kjøpe og selje varer frå Storbritannia og omvendt.
– Med krav om utgreiing av alternativ går Fellesforbundet no likevel lenger i EØS-kritikken enn det Ap-leiar Jonas Gahr Støre ønskjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.