TappeDet nye ordet for å betala med bankkort utan å slå kode og klar er «å tæppe», om me skal tru BankAxept. Det skal me ikkje.

Publisert

Det nye ordet for å betala med bankkort utan å slå kode og klar er «å tæppe», om me skal tru BankAxept. Det skal me ikkje.

BankAxept forstår seg nok betre på siffer enn på bokstavar, lèt det til.

Eg ser at unge menneske med rap-kompetanse fyrst og fremst tenkjer på sex når det er snakk om tæpping, men dei om det. (Om ræpparar – som vel BankAxept ville kalla dei – eigentleg har sex-kompetanse, er eit anna spørsmål, det er slett ikkje opplagt når ein høyrer etter kva dei syng.)

Yr har eit vêrvarsel for Tæppingen, men nærare kjem ein ikkje dette ordet på norsk.

Det undrar vel ingen om BankAxept prøver å kopiera introduksjonen til Den norske Bank av Vipps, eit nyord som utan vidare glei inn i vokabularet til det norske folket og på alle vis blei ein suksess. Vipps fungerer på alle norske dialektar og er inga pinleg fornorsking av eit framandord. Dei to p-ane kunne ein kan hende tenkt betre over, men det skjemmer ikkje uttalen nemneverdig.

Tæppe, derimot, er eit misfoster av eit ord, ikkje minst i munnen på ein vestlending. Og for oss med ein viss allergi mot anglisismar kan det beint fram gje anafylaktisk sjokk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement