Tanzania – ein afrikansk kontrastTanzania har på unikt vis makta å sameine demokratisk og økonomisk utvikling på ein måte som skil det frå dei fleste andre land på kontinentet.
Tanzania har på unikt vis makta å sameine demokratisk og økonomisk utvikling på ein måte som skil det frå dei fleste andre land på kontinentet.
Dagens president, John Mangufuli, arbeider for å styrke den personlege makta si og avgrensar ytringsfridomen i landet, men er populær blant grasrota.
Foto: Khalfan Said/AP/NTB scanpix
For ei tid sidan dukka det opp ein tråd på facebooksida mi med ein diskusjon om korleis det står til med demokratiet i Afrika. Deltakarane hadde få problem med å slå fast at det står dårleg til. Det afrikanske kontinentet merker seg da også negativt ut på nesten alle område i nyheitsbildet som dagleg når oss. Vi får formidla bilde av eit kontinent i økonomisk krise, som sender ein straum av flyktningar mot Europa, og som er prega av statskupp, borgarkrigar, folkemord, militærstyre, terror og religiøse konfliktar.
Dette er likevel eit bilde som bør nyanserast. Lista over land i Afrika med fullverdig demokrati er rett nok kort. I stiftinga Freedom Houses oversyn over politisk fridom og sivile rettar i ulike land i 2018 er det ingen land som scorar 1, og berre sju som scorar 3 eller betre på ein skala frå 1 til 7, der 1 står for fullverdig demokrati og 7 for reint diktatur. Her finn vi land som Ghana, Namibia og Senegal.
Men mange av landa på det afrikanske kontinentet kjem i gruppa «delvise demokrati». Her finn vi relativt velordna samfunn med fleire parti og meir eller mindre frie val. Samtidig finn vi nokre av dei raskast veksande økonomiane i verda nettopp på det afrikanske kontinentet. Mellom dei 20 landa med raskast økonomisk vekst i 2018 er det sju afrikanske land, ifølgje World Economic Forums rangering av land etter økonomisk vekst.
Som ein kontrast til det negative mediebildet vi nærmast dagleg får frå Afrika, er det likevel eitt land som etter mitt syn merkar seg særskilt ut: Tanzania har på unikt vis makta å sameine demokratisk og økonomisk utvikling på ein måte som skil det frå dei fleste andre land på kontinentet.
Unikt
Nyleg var eg tilbake i Tanzania, eit land der eg budde i fleire år på slutten av 1980-åra, og der eg har vore til og frå i tida etterpå. Tanzania er rett nok ikkje noko fullkome demokrati, det er framleis eit av dei fattigaste landa i verda, og korrupsjon er eit stort problem. Men landet har ein demokratisk konstitusjon og det er eitt av dei ti–tolv landa i verda med raskast økonomisk vekst, cirka 7 prosent årleg dei siste ti åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.