Eg er god på å ta vare på ting, ikkje kasta dei, men finna ein grunn til å ha dei vidare. Det er ikkje berre ein god eigenskap.
Lenge hadde eg ståande eit par støvlar etter bestefar min. Dei var heile og fine, eg såg føre meg den eldre mannen trø oppi dei og gå ut for å stabla ved. Sjølv om bestefar hadde vore død i årevis, såg ikkje støvlane ein dag eldre ut. Men dei passa ikkje nokon i huset, og eg ville ikkje gje dei vekk til kven som helst. Difor vart eg så glad då Tormod kom på besøk og det byrja å regna. For trur du ikkje han hadde gløymt støvlane sine heime, og hadde nøyaktig same storleik som bestefar?
– Du kan få desse støvlane, sa eg.
Jo, takk, det ville Tormod.
– Men eg har jo støvlar heime, så eg treng ikkje ta dei med. Er det greitt om eg eig dei, men har dei ståande her? spurde han.
Han drog heim, og støvlane vart ståande att. Dette er ti år sidan no, og her har dei stått sidan. Kvar gong Tormod er på besøk, ser han etter støvlane sine, og eg viser Tormod tolmod.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.