TakketalenGode styre i Fritt Ord, kjære styreleiar Grete Brochmann, tidlegare prisvinnarar, tingarar av Dag og Tid og alle de komande tingarar av Dag og Tid.

Publisert

Gode styre i Fritt Ord, kjære styreleiar Grete Brochmann, tidlegare prisvinnarar, tingarar av Dag og Tid og alle de komande tingarar av Dag og Tid.

Det er ei stor ære på vegner av avisa å takka for prisen. Dette er ein pris til alle noverande og tidlegare tilsette, skribentar og styremedlemer i Dag og Tid.

Prisen vil gje avisa inspirasjon og større autoritet. Men fyrst og fremst forplikta oss til å prøva å laga ei god og viktig avis – veke etter veke.

Dagens mediesituasjon kjenner vi: Media og den frie journalistikken er i ei svært vanskeleg omstillingstid. Det trengst såleis kloke politikarar som ser alvoret, og som kjem med tilstrekkelege tiltak.

Men mediepolitikken skal eg la liggja her. Eg vil heller koma med seks punkt som vi i Dag og Tid legg vekt på i det daglege redaksjonelle arbeidet.

Sjølv om Dag og Tid er ei vekeavis – og ei bakgrunns- og kommentaravis – trur eg andre aviser kan læra litt av korleis vi tenkjer og kva vi legg vekt på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement