JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Takk, Kim!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Karen Christine (Kim) Friele fotografert i september 1991.

Foto: Terje Bendiksby

6173
20211126
6173
20211126

Takk for følgjet, Kim. Eg har følgt deg i mange år, så vidt snakka med deg eit par gongar, men mest følgt deg frå sidelinja sidan eg sjølv kom ut på 70-talet. No kan du få kvile med godt samvit, med visse om alt det positive du har fått til gjennom eit langt liv. Det har vore ei samansett, men rik tid, fleire problem som måtte løysast, men samtidig gode opplevingar i fleng. No kan homofile gå gjennom livet med rak rygg og løfta hovud utan å skjemmast.

Vi skal ikkje gløyme dei aller første som gjorde sitt i styre og stell, som skreiv lesarbrev og lange artiklar i avisene – under psevdonym. Det var ikkje måte på kva vi hadde å slåst mot, for berre å nemne to ting: Bispeprotokollen frå 1954 som slo fast at homoseksuelle handlingar var perverse og forkastelege, og at vi utgjorde ei samfunnsfare av verdsdimensjonar. Og den kristne organisasjonen Moralsk Opprustning som i heilsides annonsar i 400 aviser verda over, også i Noreg, dreiv skremselspropaganda for å bakvaske homoseksuelle og erklære oss som mindreverdige og potensielle landsforrædarar.

Men du, Kim, stod tidleg fram og gav homoseksuelle eit ansikt og ei stemme. Det skal du ha all ros for. Ingen kunne stoppe munnen på den standhaftige frøken Wilhelmsen frå Fana. Du var jo ingen typisk Fana-stril akkurat, det avslørte dialekten fort, men ein rappkjefta bergensar som etter kvart tilsynelatande hadde funne si tydelege oppgåve. Eller var det eit kall til å bli sjølve homomisjonæren som skulle få alle skeive ut av skapet. I alle fall gje dei lovleg rett til å kome ut.

Også i Bergen stod homofile på stand, delte ut løpesetlar, besøkte skular og arbeidde og håpa på ei betre framtid, ikkje berre anerkjenning og toleranse, men aksept og forståing – med andre ord homofil frigjering. Det må vel leggjast til at ingen hadde trudd «frigjeringa» skulle gå så fort og så langt at homofile kunne gifte seg, ja til og med i kyrkja.

Men det var òg i heimbyen din du skulle møte mest motstand, og i den perioden var eg svært skuffa og sint på deg. Det var i 1978 då du og DNF-48 mellom anna ekskluderte kjærasten min, kasta han ut av Forbundet, berre fordi han var medlem av AHF (Arbeidsgrupper for Homofil Frigjering). Han som ikkje eingong var AKP-ar. Ja, det var tøffe tider, det. Eg var ikkje medlem av AHF, men støtta dei ved å abonnere på og seinare skrive i tidsskriftet deira, Løvetann.

Kort forklart var AHF ein «konkurrerande» sosialistisk homoorganisasjon som stod til venstre for DNF-48, og der AKP-ml nok var representert. Kim var ein svært dominerande og prinsippfast generalsekretær, og ho og DNF var rett og slett redde for at sosialistane og kommunistane i AHF skulle få for stor makt. DNF vedtok i 1978 å ekskludere ei rekkje av eigne medlemmer under påskot av at dei var medlemmer eller tilhengarar av AKP-ml. Det blei heller ikkje lov å vere medlem både av AHF og av DNF. Denne striden førte til splitting i homorørsla, ikkje minst i Bergen, der det blei danna ei ny foreining, Homofil Bevegelse i Bergen (HBB), og det kom liknande HB-rørsler rundt om i landet. Først i 1992 slo alle desse og DNF seg saman i ein ny landsdekkjande organisasjon, LLH, som i 2016 blei til det noverande Fri – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Trass i denne «striden» var det stadig ei viss form for samarbeid mellom fløyene, og vi skulle snart bli forlikte, alle i hop – og vel så det. Og midt i striden stod du, Kim, slik du hadde gjort lenge. Du har aldri vore konfliktsky, og takk for det. Det låg ikkje for deg å gå stille i dørene. Du kjempa imot kyrkje og stat, byråkrati og trege politikarar, men der hadde du sjølvsagt full oppbakking frå oss alle. Det vil seie at det var nok også nokre homofile som syntest du var vel frimodig og likefram. Du slapp å stride heilt aleine, hadde gode medarbeidarar og inspirerte mange fleire.

Frå 1960-talet og framover dreiv du iherdig korridorpolitikk, men for deg kunne ikkje endringane gå fort nok. Om ikkje straks, så skjedde det noko likevel. Det største og viktigaste hende i 1972 då paragraf 213 i straffelova blei oppheva, då seksuell omgang mellom menn blei avkriminalisert. Kvinner hadde som kjent ingen seksualitet, og som du Kim ironisk sa i eit intervju: Kvinner blei jo berre seksuelle gjennom mannen!

Men kampen fortsette, og du stod i spissen. Fem år seinare blei homoseksualitet fjerna frå lista over mentale forstyrringar av Norsk Psykiatrisk Foreining, og i 1982 blei homofili offisielt stroke som sjukdomsdiagnose. Året før blei straffelovsparagrafen om rasisme utvida til også å omfatte homofile. Vi fekk òg lovleg rett til å vere opne skeive i skulen og i Forsvaret. Partnarskap for homofile kom i 1993, og du, Kim, og Wenche Lowzow var blant dei første som registrerte seg som partnarar.

Eg er stolt over at det var mitt universitet, min arbeidsstad, som tok initiativet til å ta vare på arkivet ditt. No kan derfor alle som vil, få tilgang til Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen og studere historia til Kim Friele og den norske homorørsla. Og historia til mange, mange andre.

Som du nok visste, Kim, var du tiltenkt ein sentral plass i neste års store jubileum, Skeivt kulturår 2022, noko du dessverre går glipp av. Då skal det nemleg markerast at det er 50 år sidan paragraf 213 i straffelova blei oppheva. Saman med Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket er Skeivt arkiv i full gang med å få i stand ei feiring for å dokumentere, diskutere og synleggjere skeiv kunst, kultur og historie over heile landet. Men det er ingen tvil om at du likevel vil spele ei viktig rolle sjølv om du ikkje lenger er blant oss.

Vi er på langt nær ferdige med all diskriminering. Det skjer på fleire område, både her og ikkje minst i andre land. I Noreg er det nok ikkje heilt slutt på at folk tenkjer sitt når dei ser to menneske av same kjønn gå tett saman på gata, men det er heldigvis svært få som blir støytte av synet. Det er ikkje lenger slik som Herman Wildenvey skildra det i 1925 i diktet «Alles øine»:

Og gaar du paa gaten en dag med en herre,

saa hviskes det ogsaa i klynger og klikker:

Det er noget galt med ham der og han derre,

man ser dem jo sammen bestandig, vær sikker!

Jan Olav Gatland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis