Kommentar

Syndflod: 70 år med kyrkjeleg misbruk

Den franske katolske kyrkja må få ei dramatisk omvelting.

Pave Francis og franske biskopar har ei stille stund for å minnast dei 330.000 offera for geistelege predatorar i den katolske kyrkja i Frankrike.
Pave Francis og franske biskopar har ei stille stund for å minnast dei 330.000 offera for geistelege predatorar i den katolske kyrkja i Frankrike.
Publisert

Sjølv pave Frans mangla mest ord då han tysdag 5. oktober skulle reagere på rapporten frå CIASE, den uavhengige kommisjonen for gransking av seksuelt misbruk i den franske kyrkja. «Dette er ein skammens dag», klarte han å seie, også han sjokkert. Og han lova ikkje berre bøn, men bot.

I 2018 vedtok det franske bispemøtet i lag med ordensansvarlege for alle nonner og munkar å setje ned ein uavhengig kommisjon for å granske seksuelt misbruk i kyrkja. Leiar vart juristen Jean-Marc Sauvé, ein høgt respektert mann med plettfri vandel i alle saker. Han har sidan 2006 vore visepresident i Conseil d’Etat, som er rådgjevar for regjering og parlament i lovsaker, dei kan avvise lover og gjere endringsframlegg om naudsynt. Sauvé er òg leiar for komiteen som godkjenner franske dommarar, og generaladvokat i dei europeiske domstolane.

Framståande fagfolk

Utvalet fekk framståande fagfolk: psykologar, psykiatrar, medisinarar, demografar, sosiologar, sosialantropologar, juristar, spesialistar i gransking av munnlege vitnemål og i arkivstudiar, forutan statistikarar. Berre eit par teologar var med. Attåt kom ein sekretær- og assistentstab og fullt samarbeid frå Nasjonalinstituttet for helse og medisinsk forsking.

Mengder av møte med alle partar, intervju, spørjeskjemaundersøkingar og analysar av arbeidsmiljø er gjennomførte. Det er gjort hundrevis av studiar i allslags offentlege og private arkiv – hemmelege nye og gamle rapportar er frigjevne. Kyrkja dekkjer kostnadene, kring tre milliardar euro.

Bispemøtet sikra seg mot at den endelege rapporten skulle gravleggjast i kyrkjelege katakombar, ved å vedta at overgrep skal etterforskast av det sivile rettsapparatet. Rapporten kom tysdag 5. oktober som ein tsunami med sjokkbylgjer: Mellom 2900 og 3200 prestar gjennom 70 år vert karakteriserte som «predatorar», og dette omgrepet er no det offisielt brukte om dei kyrkjelege overgriparane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement