– Det heiter ikkje damesykkel no lenger. Det heiter innstegssykkel.
Ein kamerat med lang sykkelerfaring – han har ikkje mindre enn tre «analoge» og to elektriske syklar – korrigerte meg der vi trødde frå scene til scene på Musikkens dag i Oslo.
Det gjekk overraskande bra. Eg er nemleg litt redd for å sykle. Sjølv om hovudstaden har kilometervis med lyseraud sykkelsti, finst det mange farlege kryss med tungtrafikk. Dessutan er eg skeptisk til råsyklistar, dei som trakkar av garde i full fart og ser ut til å tru at trafikkreglane ikkje gjeld for dei.
Men no har han fått meg på trua, eg vurderer å kjøpe meg sykkel. Tenk å trille nedoverbakke til arbeid på ti minutt i staden for å gå i ein halv time! Eg trur eg får meir mosjon av å gå enn å sitje og trø litt no og då, men det hender at eg er ute i siste liten.
– Om du ser etter ein bysykkel, bør du ha større hjul som trillar betre, sa brukthandlaren då eg stod og såg på ein velbrukt terrengsykkel.
Bysykkel? Eg torde ikkje spørje kva det er. Ikkje veit eg kva eg vil ha heller, men det er mykje å velje i: racer- og landevegssykkel, terrengsykkel, fatbike, hybridsykkel, samanleggbar sykkel, liggjesykkel, lastesykkel, tandemsykkel, elsykkel... Og innanfor dei kategoriane er det endå fleire variantar. Før var det stort sett berre dame- eller herresykkel som var valet, etter barnesyklane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.