Helse
Svolten etter normalitet er sterkare enn svolten etter mat
Det var i den tida eg gjekk omkring og svalt i Haugesund. Men i motsetnad til rollefiguren i Knut Hamsuns roman var det ikkje tilgang på mat som var utfordringa. Det var hovudet mitt.
Den same scena utspelte seg kvar veke. Augneblinken eg grudde meg til heile veka lang. Psykologbesøket. Eg gjekk heile morgonen og venta, grudde meg. Ville berre droppe det.
Likevel gjekk eg kvar onsdag til psykologen, og så skulle det skje. Det var av med skoa og bort på vekta. Så skulle ho finne ut om eg hadde vore flink nok å ete den siste veka. Det var like nedverdigande kvar gong. Fram til eg kom til psykologen, hadde eg aldri brydd meg om vekta mi. Etterpå har eg knapt brydd meg om noko anna.
Dette var då eg gjekk på vidaregåande skule. Eg var deprimert, hadde angst og åt nesten ikkje. Problemet med maten var eigentleg berre ein biverknad av depresjonen, men hadde ingenting å seie då. I dag er eteforstyrringa hovudproblemet mitt.
Rømme frå røyndomen
På den tida var det berre éin ting som var viktig for meg, å rømme frå røyndomen. Løysinga blei konsertar. Problemet med det var at eg budde i Haugesund, og konsertane eg ville på, var stort sett i andre byar. Eg reiste og reiste, brukte pengar eg ikkje hadde, på tog og buss. Men eg vart ikkje lukkelegare.
Ulempa med all reisinga var at det ikkje vart tid til å ete. Det kom ikkje eingong i andre rekke. Eg gjekk dagar utan å ete, raste ned i vekt, og framleis var eg ikkje kvitt angsten. Til slutt tok eg kontakt med psykolog. Då eg kom til psykologen, var eg tynn. Veldig tynn. Eg var godt under anoreksigrensa, og det var høgst synleg. Det var ikkje sjokkerande at psykologen ville fokusere på det synlege problemet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.