Svevn
«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det», skreiv Aslaug L. Lygre i diktet som Geirr Tveitt tonesette. Nei, det er lite som måler seg med lyse sommarnetter, men mange av oss skal på arbeid og må sove.
Mange småbarnsforeldre og «kvinner i klimakteriet» som ein viss NRK-kommentator ville ha sagt med harde R-ar og dårleg skjult ironi, har noko til felles: Vi slit med å gå i dvale. Eg hadde medkjensle med ein far eg møtte ute ein sein kveld: Han hadde eit sutrande barn på magen, inne i boblejakka. Medan foreldre slit med urolege born, er det ei anna uro som plagar overgangskvinner. Anten er det uråd å sovne, eller så sovnar vi, men vaknar i vargtimen med få utsikter til meir søvn.
Søvnforskarar kjem med gode råd: Ikkje sjå på klokka, sjå ut vindauget! Vindauga mine er blenda på grunn av den lyse sommarnatta. Forskarane masar òg om meditasjon: Legg deg flat, slapp av, tenk på foten, leggen, låret og så oppover. Eg har prøvt, men eg sporar av: Tenkjer eg på tærne mine, kjem eg i hug den blåe låketåa som plaga meg for eit par år sidan, tenkjer eg på leggen, ser eg eit stygt skrubbsår etter badinga ytst i oslofjorden, tenkjer eg på kneet, hugsar eg at det heldt på å gå gale då ein tømmerstokk sneia kneet mitt i ein uvørden manøver. Andre råd verkar heller ikkje. Tel eg sauer, set dei seg på gjerdet og ser dumt på meg. Eg klarer ikkje å slappe av. Eg blir irritert, mannevond!
Ta deg eit mjølkeglas whisky, var rådet frå ein kollega. Sjølv om det kjendest unaturleg å drikke godt røykt kvalitet klokka 02.30, gjorde eg det. Det var perler for svin.
Det vi tryglar om, er berre lett og djup svevn i tillegg til REM-svevnen. Ein gong drøymde eg at eg stod opp, dusja, åt og gjekk på arbeid. Gjett om eg var skuffa då eg vakna og hadde forsove meg!
Den som søv, syndar ikkje, heiter det. Altså er det å ikkje få sove synd – «like til morgongry».
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.