Sverigedemokratarna mot resten

Sverige har fått storkoalisjon. Innvandringsspørsmålet vart så viktig at det måtte vike for alt anna. Og no må dei borgarlege partia røysta for renasjonalisering av helse–?og omsorgssektoren og høgre skattar.

Publisert Sist oppdatert

Sverige er verdas fremtidslaboratorium, der skjer det alltid noko. I romjula, til dømes, hende det noko heilt parlamentarisk nytt i Sverige, i røynda fekk landet ein storkoalisjon ulik alle andre demokratiske land i fredstid. Alle partia med unntak av Sverigedemokratarna (SD) og Vänsterpartiet lova at dei i framtida skulle røysta for statsbudsjetta til regjeringa, ikkje berre for delar, men for heile budsjetta og det utan føregåande forhandlingar. I tillegg lova dei at dei skulle føra ein felles tryggings–?og miljø-/energipolitikk og at ingenting av pensjonssystemet skulle endrast. Avtalen vart gjort gjeldande i to periodar eller åtte år. Eit kvart regjeringsalternativ som har fleire røyster bak seg i Riksdagen enn eit alternativ utan SD, er dimed sikra arbeidsro og kan føra ein fast budsjettpolitikk.

Det regjeringsalternativet som er størst utan SD, er Sosial­demokratarna, Miljøpartiet og Vänsterpartiet. Slik stoda er no, kjem altså dei mest blåe liberal­istane i Riksdagen til å røysta for eit kvart budsjett som det framleis kommunistinspirerte Vänsterpartiet seier seg samde i. Om Vänsterpartiet ikkje vil stilla seg attom heile statsbudsjettet lagt fram av statsminister Stefan Löfven, må Löfven gå av og overlata makta til den såkalla Alliansen – som er Moderata samlingspartiet, Folkepartiet, Centerpartiet og Kristendemokratarna. Avtalen kjem trass i at SD saman med alliansen har eit klart fleirtal i Riksdagen, og i førre periode røysta SD saman med Alliansen i ni av ti spørsmål der det var usemje mellom blokkene.

SD og ei mengd andre har sjølvsagt ropt og skrike om at avtalen er djupt udemokratisk, men ho held seg trygt innanfor grunnloven sidan det ikkje er noko som helst der som hindrar parti i å inngå formelt samarbeid over partigrensene.

Eit fascistisk parti

Så kvifor gjer dei ulike partia dette? Jau, det grunngav Löfven i romjula: «SD er eit fascistisk parti.» No er rett nok SD formelt sett eit demokratisk parti som har forplikta seg til grunnlova og demokratiet, men likefull meiner Löfven at det sterkt innvandringskritiske partiet er fascistisk og dimed udemokratisk. Han er på ingen måte åleine om å meine slikt: Tidlegare statsminister Fredrik Reinfeld som tinga fram samarbeidsavtalen med Löfven, har mellom anna sagt dette om SD: « Det er heilt uakseptabelt, og det viser ein rasisme som vi skal gjera alt for å kjempa ned.» Reinfeldts strategi heilt sidan SD kom i Riksdagen, har vore å halda dei ute, og han har sagt til veljarane at «ei kvar røyst på SD er ei bortkasta røyst». I så måte er ikkje romjulsavtalen noko nytt. Alle parti i Riksdagen har sagt at dei skal halda SD ute. Men no er denne praksisen formalisert og sementert.

Men er avtalen lur? Er SD så farlege at Sverige treng ein storkoalisjon? Om ein ser på reaksjonar i svenske aviser og i sosiale medium, er det svært liten tvil om at venstresida er nøgd, særleg Vänsterpartiet. Deira valkampsak var at den førre regjeringars storstilte privatisering av omsorgssektoren og barnehagar, som dei borgarlege hevdar har spart store summar og gjeve eit betre tilbod, måtte bort. I budsjettet som Lövfen la fram i haust, hadde Vänsterpartiet i tillegg til reversering av privat omsorg òg fått inn eit forbod mot profitt i det heile i velferdssektoren. Dette framlegget var SD med å røysta ned og difor fekk Sverige regjeringskrise. Allereie i år varslar regjeringa at dei kan kome til å atter­innføra forbodet mot profitt: «– Vi er klare til å samarbeida med regjeringa om det. For oss er det også avgjerande at arbeidet med å gjennomføra avtalen om å ta bort vinstjakta i velferda vert gjennomført som planlagt», skriv Vänsterpartiet på heimesida og med det vert den kanskje største velferdsreforma til Alliansen fjerna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement