Politikk
Svensk samling
GÖTEBORG: Eit jamt val kan gje ei fleirtalsregjering som vert historisk – ei brei samlingsregjering eller ei regjering med støtte frå eit påstått rasistisk parti.
Veljarvandringa mellom Socialdemokraterna (S) og Sverigedemokraterna (SD) avgjer om ei fleirtalsregjering etter valet sundag vert ei S-tufta samlingsregjering utan SD eller ei blå regjering med SD. Her frå Frihamnsdagarna i Göteborg.
Foto: Håvard Rem
I partileiarutspørjinga på Sveriges Television (SVT), Utfråg-
ningen, har partileiarane kvar for seg og kveld etter kveld stått og komponert si meir eller mindre realistiske ynskeregjering på ei tavle. Berre dagar før valet kjem dei fleste politiske sakene meir i bakgrunnen. No handlar mykje om kva for regjering – helst ei fleirtalsregjering – som svenskane kan stabla på beina. Etter førre val tok det nær eit halvt år å skipa ei mindretalsregjering.
Det er historisk sus over fleire av scenarioa på tavla i Utfrågningen. For fyrste gong på 80 år kan Sverige få ei samlingsregjering. Eller ei regjering med støtte frå «ett rasistiskt parti», slik Centerpartiets Annie Lööf ordla seg då ho gjesta Utfrågningen.
Splitta venstreside
Men kvifor er fyrstevalet til Magdalena Andersson ei samlingsregjering? Kvifor er ei raudgrøn regjering korkje fyrste- eller andrevalet hennar? Annakvar måling syner jo fleirtal for den raudgrøne firepartiblokken,?med Vänsterpartiet, Miljöpartiet, Socialdemokraterna og Centerpartiet, slik annakvar måling syner fleirtal for den blå firepartiblokken, med Moderaterna, Kristdemokraterna, Liberalerna og Sverigedemokraterna.
Her kjem svaret: Uavhengig av eventuelt fleirtal har situasjonen innover i dei to blokkane endra seg. Dei fire høgrepartia har kome nærare kvarandre. Av dei fire raudgrøne partia har somme fjerna seg frå kvarandre.
Ei borgarleg firepartiregjering verkar difor meir mogeleg enn før. Liberalerna har vendt attende til blå side. Sverigedemokraterna vert for fyrste gong vurdert som støtteparti.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.