Svensk metoo-oppvask på norsk

Norske Gloria Forlag gjev ut ei metoo-bok frå Sverige. Det svenske samfunnet har ikkje teke lærdom av kritikken etter metoo-dekninga, meiner SVT-reporter Lina Makboul.

Metoo-hausten 2017 vart tidlegare Aftonbladet-journalist Fredrik Virtanen stempla som valdtektsmann i media, utan at det låg føre dom, tiltale eller dokumenterte bevis mot han. No gjev han ut bok.
Metoo-hausten 2017 vart tidlegare Aftonbladet-journalist Fredrik Virtanen stempla som valdtektsmann i media, utan at det låg føre dom, tiltale eller dokumenterte bevis mot han. No gjev han ut bok.

– Boka tek til å verte ferdig no. Når eg blar i manuset, merkar eg at det ikkje fyrst og fremst er ei historie om meg. Den store historia handlar om korleis den seriøse journalistikken kan overleve i eit samfunn der moralisme, pøbelvelde og lynsjingar truar med å ta makta over samfunnsinstitusjonane.

Desse orda tilhøyrer den tidlegare Aftonbladet-journalisten Fredrik Virtanen. Metoo-hausten 2017 vart han stempla som valdtektsmann, fyrst i sosiale medium, så i tradisjonelle svenske medium, utan at det låg føre verken dom eller tiltale.

Programmet Uppdrag granskning på Sveriges Television (SVT) har seinare synt at fleire svenske aviser publiserte udokumenterte påstandar om Virtanen. I ettertid er både Expressen og Svenska Dagbladet felt av Pressens Opinionsnämnd etter råd frå den svenske presseombodsmannen for publiseringar om den tidlegare journalisten.

Virtanen måtte gå frå Aftonbladet hausten 2017 som følgje av skuldingane. Han har ikkje klart å skaffe seg ny jobb sidan og meiner sjølv han er ilagd «yrkesforbod» av tidlegare kollegaer, skriv han i ein kronikk i Expressen.

Når han no snart gjev ut bok, skjer det på eit norsk forlag, ikkje eit svensk. Svenske forlag har ifølgje Virtanen ikkje ønskt å gje ut boka.

SVT-reporter Lina Makboul laga Uppdrag granskning-programmet som granska handteringa av Virtanen-saka i media. Ho meiner det er oppsiktsvekkjande at boka ikkje kjem ut på eit svensk forlag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement