Svart veke for demokratane

For dei amerikanske demokratane kunne den første veka i februar i valåret ikkje vore dårlegare enn ho vart.

President Donald Trump vart frikjend med solid margin.
President Donald Trump vart frikjend med solid margin.
Publisert

Jarndisiplinen i det republikanske partiet, som president Donald Trump har sikra seg nådelaus kontroll over, førte til at han onsdag vart frikjend i riksrettssaka, og det med solid margin. I tillegg rota motstandarane hans til oppteljinga i det spesielle nominasjonsvalet i delstaten Iowa. Der vart det til overmål uavgjort mellom senator Bernie Sanders og ordførar Pete Buttigieg, medan favoritten Joe Biden kom på ein bleik fjerdeplass. Det er større spreiing i feltet enn det kan sjå ut til, for Buttigieg har svært bratte motbakkar i dei tre neste nominasjonsvala denne månaden, i så ulike delstatar som New Hampshire, Nevada og South Carolina.

Ei mager trøyst for demokratane kan det vera at vi enno har ni månader att av ein valkamp som vert ei tolmodsprøve for alle, men ikkje for president Trump. Han seglar vidare med gode meiningsmålingar i medvind og hovmod og velkjend sjølvtillit etter lovande økonomiske tal.

Ein syndar

Ein av dei leiande demokratane sa at det ikkje er over enno, same kor sjanselause demokratane var ved avstemminga onsdag kveld. Men om nokon amerikansk politikar veit at ein siger er ein siger, er det Donald Trump. Han har for vane å pressa mykje saft ut av slike sitronar, og den eine sonen hans var straks frampå med eit krav om at den einaste republikanaren som hadde mot til å røysta mot Trump, bør visast ut av partiet. Heller ikkje denne eine syndaren, Mitt Romney, røysta for å døme Trump frå presidentvervet på grunn av å ha hindra Kongressen i å gjera arbeidet sitt, «berre» for maktmisbruk.

Så når ein av dei demokratiske leiarane tappert seier at frikjenninga er utan verd, er det ei overdriving i Trump-format. Du har ikkje vunne når du kopierer metoden til motstandaren.

Dei fleste som hugsar den tida da demokratar og republikanarar i USA kunne samarbeida over partigrensa, er grå i håret eller heilt snauskalla no. Om dei lydige republikanarane i Senatet stod i samla front bak Trump fordi dei er livande redde han, eller fordi dei inderleg meiner at han er den beste leiaren nasjonen kan ha, er alle i stand til å lesa dei nakne tala. Dei gjeld anten vi ser på den ferske økonomiske statistikken, resultatet av den tredje riksrettsavrøystinga i amerikansk presidenthistorie eller meiningsmålingar som er dei mest positive som president Trump nokon gong har kunna kosa seg med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement