Svar til Berg og Borchgrevink

Publisert Sist oppdatert

HANDKE-DEBATTEN

Øyvind Berg skriv i Dag og Tid 24. oktober at han ikkje har kalla Peter Handke fascist. Det er sant nok. Berg har berre sagt at Handke gjev «støtte til massemordere», har «uakseptable politiske holdninger», normaliserer «brutal politisk ekstremisme», skriv teaterstykke med «en uhyggelig kynisk slagside» som spring ut av hans «ultranasjonalistiske engasjement», driv «klassisk historierevisjonisme», har overtydingar som rommar «løgn, fortielse og brutalitet», og at han «i likhet med Hamsun, Céline og Pound har (...) gått seg vill i det politiske landskapet»; Berg skriv berre at det er «‘tsjetnikenes’ eget propagandamaskineri» som ytrar seg i Handkes Jugoslavia-bøker, og at «synsvinkelen er lett gjenkjennelig som tsjetnikenes» i skodespel hjå Handke, og at han «velter seg i dette hatspråket, som finner gjenklang hos tsjetniker og fascister». Og tsjetnikane er som kjent og som Berg sjølv presiserer i tilsvaret sitt, nettopp «de serbiske fascistene».

Kva skal det tene til å tala om at «Handke er ikke fascist» etter å ha identifisert han med Hitler-beundraren Hamsun, antisemitten Céline og Mussolini-tilhengjaren Pound, attåt serbiske fascistar? Ingen kan undra seg over at demonstrantar spring gatelangs og skrik «fascist» etter Handke etter å ha lese slikt, men ikkje Handkes eiga utsegn om at «det finst ikkje noka anna framtid enn det liberale demokratiet» (NZZ 17. juni 2006). Bergs sjølvmotseiande erklæring av at Handke ikkje er fascist, vernar ikkje Handke mot ei implisitt skulding som Berg har fylt pressa med. Denne erklæringa vernar berre Berg sjølv.

I essayet sitt i Vinduet, midt i eit avsnitt som skal vera ei attgjeving av innhaldet i Handkes første reisebok frå Jugoslavia, Vinterreisa, skriv Berg: «Etter voldsomme tirader mot vestlige krigsreportasjer velger Peter Handke rett og slett å lukke øynene for kravet om etterrettelighet, eller det han kaller ‘onde fakta’ (s. 133).»

Denne gåtefulle utsegna hjå Berg har ein referanse til Vinterreisa. Men slår ein opp hjå Handke, les ein det stikk motsette av det Berg seier, nemleg at dei vonde fakta, altså massakrane under krigen, må verta fasthaldne, altså hugsa, jamvel om ein som Handke har sett seg ei anna oppgåve og vil skriva om noko anna.

Når så Berg vert gjord merksam på at påstanden i essayet hans ikkje stemmer med kjelda han gjev, så seier han at han heilt medvite har tolka Handke motsett av det Handke seier, fordi vendinga å «halda fast» hjå Handke alltid tyder «å skrive det ned», og sidan Handke no ikkje skriv om massakrane, noko han aldri har hatt planar om, så har han altså late att augo for dei, endå han seier at vi må hugsa dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement