Kommentar
¿ Svalbard er norsk Michelet-land
Nato-servile brønnpissarar fører vidare kald krig og antirussisk ishavsimperialisme.
Statsminister Erna Solberg speidar etter kvalross frå brua på «Polarsyssel» i farvatnet utanfor Spitsbergen. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad følgjer med.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
ORIONS BELTE av Jon Michelet blei ein forrykande actionfilm og fekk mange Michelin-stjerner. I partiorganet Klassekampen 8. desember 1977 blei romanen kommissarisk godkjend av signaturen «L» som ein litterær versjon av AKP (m-l)s korrekte analyse av det aggressive og sosialimperialistiske Sovjet og deira kapitalistiske allierte, nyttige idiotar som Odvar Nordli og Jens Evensen, pluss SV og NKP, som dei kalla sosialfascistiske medlauparar og quislingar.
Svalbard stod sentralt i utsiktene til ein snarleg tredje verdskrig. Det var der det ville ta til, slik Jon Michelet såg det, der han sat på Oslo Bryggeriarbeideres Feriehjem Drolsum og skreiv om sjøslaget mellom den rustne frakteskuta «Sandy Hook» og den sovjetiske krigsmakta. Då han heldt 17. mai-tale, hoppa han over Nordkapp og snakka om å forsvara landet «Fra Lindesnes til Sjuøyane». Partiparolen var: «Kamp mot sosialimperialismen! Svalbard er norsk land!»
Slaget ved på Kvitøya enda elles med norsk siger, for dopa russarar smurde seg bort då som Bolsjunov nå.
KRIGSSIGLAREN Jon Michelet er ikkje lenger i levande kampmodus. Som dårlege erstatningar har me fått den militære etterretningssjefen, generalløytnant Morten Haga Lunde, og Høgres forsvarspolitiske talsmann Hårek Elvenes – han som vil gje Nobels fredspris til Nato, som han ser som ei fredsbevarande utdjuping av FN-pakta. Akkompagnert av Trumps pengeinnkrevjar og Nato-generalane sin sekretær, Jens Stoltenberg. Dei er spydspissar i å dra opp skremmebildet av aukande russisk fare – i notar, på bakken, til havs og i cyber. For tida er Svalbard episenter i propagandakrigen.
ISHAVSIMPERIALISME var ein norsk raptus i spora etter Roald Amundsen og kvalfangsten. Ved fredsoppgjeret etter første verdskrigen klarte ikkje det nøytrale Noreg å få hand om tyske koloniar, men diplomat og privatpraktiserande baron Wedel Jarlsberg sikra formell suverenitet over Svalbard, som hadde vore ingenmannsland. Motytinga var at borgarar frå alle land som skreiv under traktaten, skulle ha same rett til å bu og driva næringsverksemd der. Det revolusjonære Sovjet-Russland, som hadde lange tradisjonar og klare interesser på Svalbard, var ikkje med på den handelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.