«Prøv vår deilige digitale meny», oppmodar SJ Nord kvar gong eg reiser med Dovrebanen.
At det no er SJ Nord og ikkje Vy eller NSB som køyrer Dovrebanen, har ikkje så mykje å seie for ein pendlar. Det meste er som før, men dessverre har menyen tapt seg.
Vegetarpizzaen som Vy tilbaud, såg ut som ein pizza og smakte heller ikkje så verst, særleg ikkje med ruccola på toppen. Vegetarpizzaen som SJ Nord tilbyr, er ein leiv med noko smelta ost på, som eg rett nok kan få ruccola til.
Sist eg drog austover, hadde det vore flust med heilagdagar og ingen opne butikkar. Difor hadde eg ikkje med meg niste, men satsa på å ete i «Kafé motsatt vei».
Medan eg stod i køen, skjønte eg at dei var utselde for både eitt og hitt. Det eine var vegetarpizzaen som eg, trass i dårleg erfaring, likevel hadde tenkt å ty til. Då eg spurde om dei hadde andre varme vegetarrettar på menyen, tilrådde den unge kvinna ein nudelrett.
Glad for at dei hadde eit vegetarisk alternativ, takka eg ja. Då maten kom på bordet, var han dekt med noko som likna mistenkjeleg på kjøt. Kunne ho eller eg ha misforstått noko?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.