Subsidiar til spekulasjon
Noreg tilbyr billeg straum for å lokke til seg datasenter og kryptovalutaselskap. Det er ein svært dårleg idé, meiner økonom og bitcoinekspert Alex de Vries.
Krinskort frå ei datamaskin med bitcoinlogo. Såkalla utvinning av kryptovalutaer som bitcoin inneber eit enormt straumforbruk.
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
Regjeringa vil få fleire datasenter til å etablere seg i Noreg, og lokkematen er billeg straum. Krafta utgjer storparten av driftskostnadene for denne industrien, og regjeringa lokkar med ei elavgift på berre 0,55 øre per kWh for dei som vil etablere seg her i landet, mot nesten 17 øre per kWh for andre straumkundar.
Datasentera får same vilkår som den tradisjonelle kraftkrevjande industrien nyt godt av, og håpet er at denne subsidieringa skal skape nye høgteknologiske arbeidsplassar i Noreg. Men å gje billeg kraft til datasentera er ikkje ei god investering for Noreg, meiner den nederlandske økonomen Alex de Vries.
– Det er ikkje så lett å skjøne kvifor Noreg prøver å få meir av denne industrien. Eg går ut frå at ideen er at desse selskapa skal skape fleire arbeidsplassar og skape økonomisk vekst. Men dette er jo ikkje ein arbeidsintensiv industri. Det er datamaskinene som gjer jobben. Dette er ikkje som eit smelteverk eller mekanisk industri, seier de Vries.
Biverknader
Alex de Vries har drive bloggen Digiconomist sidan 2014. Her legg han fram analysar av dei uønskte biverknadene av den digitale økonomien, med særleg vekt på kryptovaluta og energibruk, og har òg skrive fagartiklar om desse emna for vitskaplege tidsskrift som Joule.
Han er ikkje minst skeptisk til dei norske straumsubsidiane fordi dei òg kjem selskap som driv med kryptovaluta til gode. I slike datasenter står eit tusental datamaskiner og utfører reknestykke som berre har éin funksjon: å stø opp under ein type digitale pengar som er populære spekulasjonsobjekt, med bitcoin som den mest kjende «valutaen». I 2018 vedtok regjeringspartia først at slike selskap ikkje skulle få redusert elavgift. Men alt året etter slo regjeringa retrett, mellom anna etter påtrykk frå databransjen: Også kryptoselskapa skulle få billeg straum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.