Styrt kjøtfest

Regjeringa har over fleire år stimulert til større produksjon av det kjøtet som dei veit har størst klimaavtrykk.

– Eg er litt uroa for at det skal verte overproduksjon. Det er ein viss fare for det om vi ikkje no bremsar, seier storfeprodusent Kurt Herredsvela på Jæren.
– Eg er litt uroa for at det skal verte overproduksjon. Det er ein viss fare for det om vi ikkje no bremsar, seier storfeprodusent Kurt Herredsvela på Jæren.

I den nye regjeringserklæringa varslar regjeringa at ho vil føre ein langsiktig og føreseieleg politikk for små og mellomstore bedrifter. Føreseielege rammevilkår for næringslivet har vore noko alle Erna Solbergs (H) regjeringskonstellasjonar har likt å smykke seg med. Pelsdyrprodusentar har fått merke kor lite slike ord kan vere verde. No er det er eit ope spørsmål om ikkje andre bønder kjem til å få merke det same.

For tida forhandlar regjeringa og bondeorganisasjonane om klimakutt i jordbrukssektoren. Det er ei følgje av at Noreg, som del av EUs klimaplan, skal redusere utsleppa av klimagassar frå transport, bygg, jordbruk, produkt og avfall med 40 prosent innan 2030. Det utgjer eit årleg utsleppskutt av CO2 på 10,5 millionar tonn, ifølgje vurderingar Klima- og miljødepartementet gjorde for Klassekampen i 2016.

Inn mot forhandlingane har det vore år med diskusjonar om reduksjon i kjøtproduksjonen og moglege avgifter på raudt kjøt.

Press og nedgang

Raudt kjøt frå storfe, sau, lam og geit har høgare klimagassutslepp per kalorieining enn kjøt frå kylling og svin. Årsaka er at kylling og svin slepper ut langt mindre metan når dei fordøyer maten, enn det drøvtyggjarane gjer.

Samla utgjorde klimagassutsleppa frå jordbruket 4,45 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2017. Meir enn halvparten av dette var metanutslepp frå fordøyingssystemet til husdyra, ifølgje Miljødirektoratet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement