Sideblikk
Strukturendring av sportsverda
«Idrett for alle» kan enda som aktivitetar for barn av foreldre med dårleg tid og god råd.
Barnas holmenkolldag vert omtalt som verdas største barneskirenn.
Foto: Erik Johansen / NTB
Det er berre oss idrettsgalne og -glade det er lov å kalla «idiotar». Men me lar oss ikkje hundsa, for Hans Majestet er medlem nummer 1. Den kunstinteresserte dronninga kallar han sportsidiot. Når han ikkje møter fram på tribunar og deler ut kongepokal, sit han i godstolen og ser på, med kunnige kommentarar.
VERTINNA ER TV-slave og ser mykje sport. Ho har vore gift med NRK og hatar den stadige skiftinga mellom kommersielle fjernsynskanalar. Om ho finn fram til den rette, må ho enten betala dyrt eller bli plaga av delt skjerm og reklamepausar.
Ekspertkommentatorar følgjer pengane og flyttar etter. Dei er høgast oppe og græt ein skvett for dei tapre som har kjempa seg tilbake etter alt dei har vore gjennom av mentale utfordringar, sjukdom og skadar.
Byråsjefen meiner Spaltisten og Vertinna ikkje skjøner sitt eige og det allmenne beste. Når eit hardt pressa NRK har kjøpt seg til fant på OL-rettar frå 2026, må dei spara inn på program for kjernegruppa 60 +.
«HER KOMMER VINTER’N, her kommer den kalde fine tida» er den mest misbrukte av alle lydvignettar. Han signaliserer glede over aktivitet i kulde og snø, men moralen hos Jokke og Valentinerne er at då er det endeleg fred å få for typar som liker å sitta inne og pimpa når sola skin, som er svake for sport, men berre på skjermen, og berre når vi vinn: «Du ække aleine, vi er mange som har det sånn.»
Den nasjonale populærkulturen lever i symbiose med draumen om at «vi viser verden vinterveien», sjølv om skispor nå trekker ein open sti gjennom heile verda. Sigurd Jansen og Alfred Næss laga «Vinter og sne» som offisiell song til ski-VM i Oslo 1966, framført av Wenche Myhre med barn frå Majorstuen skole.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.