Helse
Strategi for å slanke britar og klimautslepp
Den britiske regjeringa vert tilrådd å gjere store endringar for å påverke matproduksjon, handel og kosthald. EAT-strategisjef Olav Kjørven håpar tilrådingane inspirerer den norske regjeringa.
Britane er fanga i ein søppelmatsirkel, ifølgje rapporten «The National Food Strategy – The Plan». I rapporten vert det føreslege ein ny skatt på salt og sukker og at fastlegar skal få høve til å skrive ut resept på frukt og grønsaker.
Foto: Wikimedia Commons
Ein sukkerskatt på 3 pund (nær 40 norske kroner) og saltskatt på 6 pund per kilo for å få matindustrien til å lage sunnare produkt, eit gratis skulemåltid til alle frå låginntektsfamiliar, at fastlegar kan skrive ut resept på frukt og grønsaker eller matrelatert opplæring til folk med usunt eller mangelfullt kosthald, obligatorisk rapportering for større butikkjeder om matavfall og sal av produkt med høgt feitt-, salt- og sukkerinnhald, og statlege innkjøpsreglar som skal sikre at skular, sjukehus, fengsel og offentlege kontor serverer mat som er både sunn og berekraftig – dette er nokre av tiltaka rapporten «The National Food Strategy – The Plan», som vart lagd fram for ein liten månad sidan, tilrår at den britiske regjeringa innfører.
Rapporten, som er ein gjennomgang av matsystemet i England, frå produksjon til konsum, vart bestilt av regjeringa i 2019, i høve Brexit. Mandatet innebar å føreslå endringar for å sikre at alle innbyggjarar har tilgang til trygg, sunn og rimeleg mat, og at matproduksjonen er både robust og berekraftig.
Rapporten tilrår såleis òg å redusere kjøtforbruket med heile 30 prosent i løpet av ti år, og at delar av dagens jordbruksjord vert omdisponert til å binde karbon og å gjenopprette biologisk mangfald, gjennom skog, torvmark, lyng og artsrike grassletter. Andre delar av jordbruksjorda bør ifølgje rapporten drivast lågintensivt, med meir naturvenleg produksjon, samstundes som ein andre stader igjen bør drive så intensiv produksjon som mogleg ved hjelp av ny og meir klimavenleg teknologi.
Ei anna tilråding er at handelspolitikken i mykje sterkare grad må tilpassast dei overordna miljø- og klimamåla til den britiske regjeringa. «Det er ingen vits å få britiske bønder til å jobbe hardt for å redusere karbonutslepp og gjenopprette biologisk mangfald om vi samstundes opnar marknaden for billeg mat som er produsert til lågare standardar i utlandet», heiter det i rapporten.
Fryktar nye skattar
Sjølv om den britiske regjeringa har bestilt strategien, står det att å sjå om ho kjem til å følgje opp tilrådingane. Statsminister Boris Johnsen har avslørt at han ikkje er særleg entusiastisk til ideen om ein skatt på salt og sukker, eller «ekstra skattar på hardtarbeidande menneske», som han kalla det, men han har sagt at han skal studere rapporten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.