Utanriks
Straffedomstolen i krise
«Om du ikkje legg bort arrestordrane på israelske leiarar, vil dei knuse både deg og domstolen», sa den britisk-israelske advokaten til sjefaktoren ved Den internasjonale straffedomstolen då dei åt middag ein vårkveld i Haag. Han kan få rett.
Den internasjonale straffedomstolen vart etablert i Haag i Nederland fordi byen hadde lang erfaring som vertskap for rettslege og diplomatiske prosessar.
Foto: Wolfgang Rattay / Reuters / NTB
For to veker sidan innførte Trump-regjeringa ny sanksjonar mot Den internasjonale straffedomstolen. Fire sentrale personar blei råka. Det hende snaue tre månader etter at fire andre dommarar og aktorar var blitt sanksjonerte. Sjefaktoren sjølv blei sanksjonert i februar og seinare pressa ut i permisjon. Alle arbeidde anten med skuldinga mot Israel for moglege krigsbrotsverk eller med ei tidlegare etterforsking av amerikansk personell for krigsbrotsverk i Afghanistan.
Dei amerikanske sanksjonane mot tilsette ved domstolen i Haag har auka i omfang og bit no djupt og hardt. Det er ikkje lenger nålestikk mot einskildpersonar, men eit åtak på sjølve institusjonen.
Domstolen som skapte håp om ein meir rettferdig internasjonal verdsorden då han vart oppretta i 2002, er no i krisestemning. Tilsette sluttar. Personlege bankkontoar og internettenester er blokkerte av den lange armen til dei amerikanske sanksjonane. Også eksterne konsulentar og organisasjonar i det sivile samfunnet – viktige samarbeidspartnarar for informasjon og analyse – er moglege mål, og nokre trekkjer seg.
Ei stygg intern sak mot sjefaktor Karim Khan – det handlar om seksuell trakassering – har forgifta arbeidsmiljøet og gått fleire rundar i internasjonale medium. Dette har gjort USA og Israels kampanje mot domstolen lettare.
Kampanjen
Kampanjen tok til då domstolen gjekk bort frå ein opphavleg og trygg strategi om berre å etterforske personar frå små, svake land – fortrinnsvis i Afrika. Unntaket fram til då var personar frå eit lite, svakt land i Europa som USA og Europa hadde nedkjempa militært (Serbia).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.