Stortinget på prøve i Oslo tingrett
Får Nei til EU gjennomslag for å saksøkje staten for maktoverføring til EU-byrået Acer, kjem det til å endre norsk rettspraksis.
Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland ser det som truleg at Nei til EU ankar Acer-søksmålet dersom regjeringsadvokaten vinn fram i tingretten. Her saman med advokatane Bent Endresen (t.v.) og Kjell Brygfjeld.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Nei til EU har saksøkt staten for måten Noreg har overført makt til EUs energiregulatorbyrå Acer på, men regjeringsadvokat Fredrik Sejersted prøvar å stoppe søksmålet. I Oslo tingrett i førre veke brukte han tre timar på å argumentere for at eit slikt søksmål ikkje kan førast for domstolane.
Fleire juristar Dag og Tid har snakka med, trur spørsmålet kan gå heilt til Høgsterett. Kva domstolane landar på, kan nemleg få konsekvensar langt utover denne eine saka.
Upløgd mark
Søksmålet inneber at domstolane skal ta stilling til om eit vedtak frå Stortinget er i tråd med Grunnlova eller ikkje. Noka liknande sak har ikkje vore ført for norske domstolar før. Det er upløgd mark, ifølgje regjeringsadvokaten.
Slik han vurderer det, inneber søksmålet at domstolen skal ta stilling til eit abstrakt rettsleg spørsmål, noko som vil vere å bryte med norsk statsforvaltingsrett.
– Det går ikkje å be domstolane om å treffe stortingsvedtak ugyldige. Ein kan treffe forskrifter eller forvaltingsvedtak ugyldige, men ein domstol i Noreg kan ikkje setje Stortingets lovar og vedtak til side som ugyldige, sa Sejersted.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.