JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Stort spel om lite samfunn

Under bakken på Helleland i Dalane ligg mineral Europa treng meir av. Men om dei kan og skal hentast ut, er langt frå sikkert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norge Mining har drive prøveboring i Dalane i Rogaland sidan 2019 og meiner det kan vere over 70 milliardar tonn mineralisert stein i grunnen.

Foto: Norge Mining

13727
20230811
13727
20230811

Mineralressursar

eva@dagogtid.no

Kvart tredje år legg EU-kommisjonen fram ei liste over såkalla kritiske råstoff. Det vil seie mineral og metall som er avgjerande for europeisk industri og økonomi, og som det i tillegg er knytt risiko til forsyninga av. Mange av råstoffa spelar ei avgjerande rolle i omstillinga frå eit fossilt til eit fornybart energisystem og er såleis noko Europa kjem til å trenge meir av framover.

Rundt ein tredjedel av dei 34 stoffa på lista i år kjøper europeiske land i dag hovudsakleg frå Kina. Somme andre råstoff er det land som Tyrkia, Qatar, Marokko og Kasakhstan som er hovudleverandør av.

Fleire av dei kritiske minerala og metalla finst det uutnytta førekomstar av i Noreg, ifølgje Norges geologiske undersøking, NGU. I ein rapport frå den statlege etaten i 2012 gjekk det fram at Dalane-regionen i Rogaland kunne ha førekomstar av ilmenitt, magnetitt og apatitt verde fleire hundre milliardar kroner.

Av ilmenitt kan ein framstille titan, som kan brukast i stållegeringar og trengst i mellom anna industri, romfart, luftfart og medisin. Magnetitt inneheld vanadium, eit mjukt metall som vert brukt i så vel kirurgiske instrument som i batteri, og apatitt er eit fosfatmineral som er viktig for framstilling av kunstgjødsel til matproduksjon, og som også vert brukt i batteri. Både fosfat, titan og vanadium er råstoff EU i dag reknar som kritiske.

I 2019 starta det britiskeigde selskapet Norge Mining nærare undersøkingar i Dalane, og alt året etter vart det meldt at det kunne vere over 70 milliardar tonn mineralisert stein i grunnen. «En av de mest lovende mineralforekomstene i verden», kalla Stavanger Aftenblad det.

Sidan er det prøvebora langt meir og over eit større område, og prosjektet til Norge Mining har fått meir og meir merksemd internasjonalt. Tidlegare i sommar tok det heilt av.

– Ei velsigning

Eit «enormt norsk fosfatsteinfunn» som «kan dekkje dagens globale årlege etterspurnad i meir enn 50 år» og er «ei velsigning for Europa», skreiv The Economist tidleg i juni, og siterte Norge Mining på at det samla dreidde seg om funn på «minst 70 milliardar tonn».

Seinare følgde nettstaden Euractiv opp og melde at fosfatfunnet var stort nok til å dekkje verdsbehovet for gjødsel, solcellepanel og elbilbatteri i løpet av dei neste 100 åra. Grunnleggjaren av Norge Mining, Michael Wurmser, vart samstundes sitert på at fosfatfunnet var «større enn alle andre kjelder vi kjenner», medan ein talsperson for EU-kommisjonen «hylla oppdaginga av den store fosfatsteinførekomsten».

Karakteristikkane har seinare vorte tekne vidare både her og der. Høgres stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim skreiv i eit innlegg i Dagens Næringsliv at Norge Mining har «dokumentert en av verdens største førekomstar av fosfat og rikelig med vanadium og titan», og britiske The Independent melder at Norge Mining håpa å kunne opne fyrste gruva i løpet av dei neste fem åra.

Og visst er det interessant at Noreg kan forsyne verda med fleire av råstoffa som trengst til matproduksjon og grøn omstilling. Men det finst ingen data som stadfestar dei store tala og orda over.

Eit trau av mineral

– Det tok litt av, ja, stadfesta samfunnskontakt Erik Joa i Norge Mining i eit intervju med Nettavisen.

Der sa han at det byrja med ein journalist som presenterte funna som noko meir enn dei var.

Til Dag og Tid forklarar han dei faktiske funna slik:

– Det er ikkje 70 milliardar tonn fosfat det er snakk om. Det er 70 milliardar tonn stein, som inneheld ein eller annan prosent av fosfat, vanadium og titan. Men talet seier ikkje kor mykje det er av dei ulike substansane og minerala på ulike stader, eller kor mykje det er mogleg å hente ut, og om det er drivverdig eller ikkje, seier han.

Minerala i Dalane-regionen ligg ifølgje Joa som eit trau frå eit område i bygda Helleland, eit stykke utanfor Egersund, til tettstaden Ualand i Lund kommune. Og medan sidene på mineraltrauet ligg i jordoverflata, går botnen på det djupaste fleire kilometer lenger ned.

Etter 76 kilometer med kjerneboring fordelt på rundt 170 borehol, inkludert borehol som går heile 2201 meter ned i bakken, har Norge Mining derimot fått etablert nokre fyrste estimat på kor mykje som kan vere drivverdig. Dei estimata summerer seg til litt over 2 milliardar tonn, altså eit godt stykke unna talet som no går verda rundt.

Ikkje størst

Estimata ligg òg eit godt stykke unna dei 50 milliardane tonna i fosfatsteinreserve som ein reknar med at Marokko sit på, inkludert førekomstane i Vest-Sahara-regionen.

– Er det då rett å seie at de har funne verdas største førekomst av fosfat?

– Det er nok ikkje ei rett skildring. Men i og med at førekomstane har oppstått via mineralisering og frå pulsar frå jordas indre, er det snakk om eit ganske reint stoff. Så at førekomsten er i verdsklasse, er det ikkje tvil om, seier Joa.

Han forklarer at fosfatførekomstane i Marokko og Sahel-regionen er sedimentære og inneheld høge nivå av tungmetallet kadmium. Han understrekar òg at estimata på noko over 2 milliardar tonn er eit par år gamle allereie. Estimata kan kome til å endre seg etterkvart som det vert gjort fleire undersøkingar og laboratorietestar av førekomstane.

– Vi er ferdige med hovuddelen av prøveboringa, men det er framleis nokre steg att før vi er heilt sikre på at ressursane er drivverdige, og kva tal det er snakk om, seier han.

– Så det er ingenting nytt som ligg bak den store merksemda internasjonalt?

– Ikkje i prosjektet. Men krigen i Ukraina, problema med forsyning av mat og fosforgjødsel og den kritiske råmaterialesituasjonen set jo det heile i nytt lys, seier han.

Eit stykke unna

Det er i Helleland-området i Eigersund kommune det eventuelt vert aktuelt å starte opp ei fyrste gruve, ifølgje Joa. Nett kvar, kor stort område som kan verte omfatta, kor mange eigedomar og personar lokalt som kan verte råka, i kva grad det kjem til å vere snakk om dagbrot eller aktivitet under bakken, eller kva tid det kan verte aktuelt å starte, har Norge Mining derimot ikkje noko svar på per no.

– Fyrst må vi ha ein ferdig plan og alt av rammevilkår på plass, og det er ein omfattande prosess, seier Joa og syner til at det må lagast planar for utvinning, handtering, utslepp og gode løysingar for bruk av restressursar, og at nasjonale styresmakter må vurdere og godkjenne dei.

Selskapet har heller ikkje starta ein reguleringsprosess andsynes kommunen.

– I fjor haust såg vi føre oss å starte prosessen mot regulering i løpet av 2023, men sidan har vi fått støtte frå ERMA (European Raw Materials Alliance, journ. merk.), ikkje berre til utvinning, men òg til vidareforedling i Noreg, så no ser vi på korleis det kan gjerast. Det vil påverke kvar ei utvinning kan utformast og gå føre seg, seier han.

Sikker på at det vert gruvedrift, er Joa likevel ikkje enno.

– Det er her som i andre bransjar og verksemder: Når det vert investert fleire hundre millionar kroner, er det fordi ein ser det som realistisk å få til inntekter på sikt.

Så langt har Norge Mining brukt nesten ein halv milliard kroner i Dalane, og Joa reknar med at summen kjem til å vere dobla før det ligg føre eit ferdig prosjekt.

– På truverdet laus

Lokalt har spørsmålet no vorte valkampsak, og Eigersund kommune har både Venstre, Senterpartiet og MDG alt sett foten ned for mineralutvinning på Helleland.

Sp seier nei med argument om at gruvedrift vil øydeleggje lokalsamfunnet, ta store mengder verdifull landbruksjord og medføre massive avgangsmassar, fortel partiet i Dalane Tidende.

Venstre seier nei av omsyn til naturen. Partiet sin fyrstekandidat, Gunnar Kvassheim, seier Dalane-regionen alt har stilt opp med sin del areal og natur til industri og kraftverk.

– Vi har hatt stor utbygging av vindkraft og er òg ein av dei store stein- og bergverksregionane frå før. I tillegg har vi mykje vasskraftutbygging og nye planar på gang. Meiner vi alvor med at naturen skal ha forrang, kan vi ikkje seie ja til nye planar av det omfanget Norge Mining kjem med. Det inneber store inngrep, med dagbrot, lagring av overskotsmasse, handtering av enorme mengder vatn og trafikk inn og ut, seier han.

– Selskapet veit ikkje enno om det vert dagbrot eller gruve under bakken?

– Dei har kanskje ikkje gjort vedtak, men fleire frå selskapet har sagt at dagbrot er det mest trulege. Men dette er no ein profesjonell organisasjon med reklamefolk som syt for å tone ned dei problematiske sider ved prosjektet, medan det liksom ikkje finst grenser for oppsidene, seier han.

– Det er òg påfallande å registrere at dess lenger vekk frå Eigersund ein kjem, dess større vert tala, og dess mindre vert atterhalda til planane. Når urealistiske tal som går sin gang internasjonalt, vert tekne vidare av nasjonale politikarar, går det på truverdet laus. Det står jo framleis att å sjå om prosjektet er mogleg å realisere, legg han til.

– Men om så, er det jo snakk om råstoff som er viktige globalt. Kva har det å seie?

– Desse minerala finst også andre stader, men er der vurderte til å vere for små for kommersiell drift. Argumentet vårt er at endå eit stort inngrep her ikkje går saman med å ta vare på naturen, seier Kvassheim.

– Har ingen fakta

Ordførar Odd Stangeland frå Arbeidarpartiet er heller ikkje i tvil om at arealinngrepet ved eventuell gruvedrift i Eigersund kjem til å verte stort. Han meiner likevel det er for tidleg å seie ja eller nei til eit prosjekt no.

– Så langt finst det ingenting å ta stilling til. Det er ikkje levert inn eitt dokument til kommunen, seier han.

Kommunen vart ikkje eingong informert om at Norge Mining skulle undersøkje førekomstane i området før undersøkingane var i gang, ifølgje Stangeland.

I ettertid har politikarane derimot omregulert leiteområdet til omsynssone for mineralsektoren i kommuneplanen, og dette vedtaket var gjort samrøystes.

– Vert det ikkje vanskelegare å seie nei til eit gruveprosjekt dess lenger tid som er brukt, og dess meir pengar som er investert?

– Nei, det er eg ikkje uroa for. Norge Mining har brukt enorme ressursar. Truleg er dette den største enkeltinvesteringa i Eigersund nokon gong når det gjeld investeringar som ikkje samstundes gjev inntekter. Men det er ikkje gjort vedtak om saka frå kommunen, og slik lovverket er no, har kommunen vetorett til siste slutt av reguleringsprosessen. Vi er òg høyringsinstans når det gjeld å vurdere miljøkonsekvensar, utsleppsløyve og liknande, seier han.

– Det er snakk om råstoff det er skrikande behov for internasjonalt.

– Det vert eit overordna nasjonalt argument i denne samanhengen. Vi kommunepolitikarar skal ta omsyn til innbyggjarane våre og lokalsamfunnet. Vi kan ikkje seie ja eller nei ut frå den typen argument.

Slitsam uvisse

Vanskelege vurderingar vert det for lokalpolitikarane uansett. Ordføraren oppsummerer det slik: nye arbeidsplassar, ei ny hjørnesteinsbedrift og bidrag til verdiskaping i kommunen, sett opp mot arealinngrep, miljøkonsekvensar og følgjene for dei som i dag bur i området som vert råka eller tett på.

«Blir det gruvedrift her, flyttar eg frå bygda» var den klare beskjeden på framsida av lokalavisa frå ein innbyggjar på Helleland tidlegare i år. Dag og Tid har vore i kontakt med andre som bur i eller like ved område der Norge Mining har drive prøveboring, men ikkje alle ønskjer å ha namnet sitt i avisa.

Ein av dei som trur heimen ryk dersom det vert gruvedrift, seier at uvissa er det mest slitsame.

Senterpartiets fyrstekandidat i Eigersund, Kari Johanne Melhus, bur på ein gard i eit område der det kan verte aktuelt med gruve. Ho har fortalt Dalane Tidende at folk i området alt no kvir seg for å ta over gardar og byggje hus, fordi uvissa er så stor.

Bonde Ole Kristian Rundevold oppfattar folk i bygda som delte i spørsmålet om gruvedrift.

– Dei som ikkje har noko med det å gjere, er imot, medan somme av dei som trur det kan verte pengar ut av det for eigen del, er for, seier han til Dag og Tid.

Sjølv bur han utanfor området med førekomstar.

– Men alle er jo nøydde til å flytte dersom det vert gruvedrift av den storleiken Norge Mining har snakka om. Men så verkar det som noko som er bygd på fantasital, seier han.

– Stikk seg ut

Den statlege etaten NGU karakteriserte i 2012 førekomstane i Dalane som ein ressurs i verdsklasse.

Avdelingsdirektør Henrik Schiellerup i NGU seier oppgåva til etaten berre er å peike ut potensial og vurdere verdien av minerala i bakken, og at det er næringslivsaktørar som må finne ut kor mykje av minerala som kan hentast ut, og kva det kostar å gjere det.

Schiellerup, som er i Bjerkreim i Dalane når Dag og Tid ringer, omtalar arbeidet til Norge Mining i nabokommunen som eit prosjekt som stikk seg ut på fleire vis.

– Dette er det eine av dei to store prosjekta i Noreg som det er retta mykje merksemd mot. Det andre er Fensfeltet i Telemark. Begge inneheld råvarer som vert oppfatta som kritiske i Europa, og begge ser på ting i eit stort perspektiv. Vert dei noko av, vert dei monalege prosjekt i europeisk skala, seier han.

Norge Mining har i tillegg jobba uvanleg fort i den tidlege fasen av prosjektet, ifølgje Schiellerup.

– Dei har køyrt på frå dag éin og bora nesten 80 kilometer sidan dei byrja i 2019, så det er tydeleg at dette er eit selskap som jobbar dedikert og har god finansiering. Vi har ikkje sett noko liknande før, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dess lenger vekk frå Eigersund ein kjem, dess større vert tala, og dess mindre vert atterhalda til planane.

Gunnar Kvassheim, Eigersund Venstre

– At førekomsten er i verdsklasse, er det ikkje tvil om.

Erik Joa, Norge Mining

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis