Krig
Stormeisteren frå fronten
DEL 1: Det var ein grufull morgon i Kyiv, siste dagen i juli. Nattoget mitt rulla inn på stasjonen like etter at ein russisk Iskander-rakett drap minst 31 sivile, mellom dei fem born, i ei bustadblokk i sentrum av hovudstaden.
Ihor Kovalenko, Atle Grønn og Volodymyr Kovaltsjuk, visepresident i det ukrainske sjakkforbundet, er samla på Hilton hotell i Kyiv 31. juli.
Russland er ein terroriststat som målretta går etter sivile. Dei veit kva dei treffer: ikkje ambassadestrok, hotell eller tog der det kan vera utlendingar blant offera, men bombemål med vanlege ukrainarar.
Eg delte sovekupé med Anton, ein sprek 24-åring frå Kyiv som i fjor hadde mist far sin ved fronten. Etter loven gjev det han nokre «privilegium». Han kan fritt reisa utanlands og vert ikkje mobilisert når han fyller 25. All faenskapen har gjort han til pasifist, men han la til at det var ei absurd og umogleg haldning å ha i Ukraina i dag.
Han ville ikkje seia at russarane var kollektivt skuldige, noko som overraska meg. Då bombealarmen gjekk på mobilappen i morgontimane, sat han i lotusstilling og mediterte. Han gav meg ein varm klem etter turen og kviskra meg nokre visdomsord i øyra.
Nokre timar seinare møtte eg intervjuobjektet eg hadde sikta meg inn på i lang tid. Ihor Kovalenko (36) er ein alvorleg mann med ei heilt spesiell historie. I fleire år har stormeister Kovalenko vore rangert som Ukrainas beste sjakkspelar, i konkurranse med geniet Vasyl Ivantsjuk (56). Etter tre år ved fronten har sjakkmiljøet overtalt Kovalenko til å trappa ned krigføringa og venda attende til konkurransesjakken.
Kovalenko voks opp i Dnipropetrovsk-regionen aust i landet, med russisk som fyrstespråk. Russisk er dessutan lingua franca i sjakkmiljøet, så Kovalenko helsar meg på russisk. Eg har lenge oppmoda russisktalande norske journalistar om å læra seg ukrainsk, så eg spør om vi kan gjera intervjuet på landets offisielle språk, altså ukrainsk.
– Sjølvsagt, seier Kovalenko på flytande ukrainsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.