Store vyar og buklandingDet ligg høge ambisjonar bak den sørgjelege soga om NH90. Her vart det tenkt stort frå starten av: NH90 vart planlagd som eit europeisk prestisjeprosjekt på slutten av 1990-åra, eit tysk/fransk/italiensk/nederlandsk samarbeid for å

Det ligg store ambisjonar bak den sørgjelege soga om NH90.

Publisert

NH90 vart planlagd som eit europeisk prestisjeprosjekt på slutten av 1990-åra, eit tysk/fransk/italiensk/nederlandsk samarbeid for å utvikle eit avansert militærhelikopter for dei europeiske Nato-landa (NH står ganske enkelt for «Nato Helicopter»). Det var òg nordisk sus over innkjøpet: Planen var at Noreg, Sverige, Danmark og Finland skulle kjøpe same helikoptermodell, i håp om å få vinstar på samdrift og sams kompetanse i alle landa. Danmark trekte seg tidleg frå samarbeidet og kjøpte amerikanske Seahawk i staden, eit val som har vist seg å vere klokt.

Norske styresmakter hadde òg økonomiske motiv for å satse på eit helikopter under utvikling i staden for hyllevare: Det kunne gje fleire oppdrag til norsk forsvarsindustri. For det norske forsvaret var det dessutan attraktivt å få eit mest mogleg avansert helikopter, sjølv om det slett ikkje var naudsynt ut frå behova til Kystvakta. Det kunne dessutan gje stordriftsfordelar å kjøpe same modell både til Kystvakta og til fregattane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement