Helse
Store pengar i tomme magar
Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.
USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.
Foto: Mark Lennihan / AP / NTB
Danskane har Lego, Sverige har Ikea, men Equinor er Nordens mest verdifulle selskap – det kunne kompetitive nordmenn trøyste seg med. Men ikkje no lenger. Det danske farmasiselskapet Novo Nordisk er i dag ikkje berre det mest verdifulle selskapet i Norden, men det mest verdifulle i Europa, målt ut frå børsverdien. For tida verdset aksjemarknaden selskapet til svimlande 6600 milliardar kroner.
Gløym Lego, Mærsk og Tuborg, Novo Nordisk er i ein annan divisjon. Selskapet er meir verd enn Tesla, meir verd enn ExxonMobil, meir verd enn Disney, Nike og Starbucks til saman. I fjor hadde Novo Nordisk ei nettoforteneste på 127 milliardar norske kroner, opp 51 prosent frå året før.
Denne ekstreme veksten handlar stort sett om to produkt: Ozempic og Wegovy, to legemiddel som reduserer appetitten og gjer det lettare å gå ned i vekt. Pengestraumen har opphav i ein biverknad.
Livberging
Svært få såg denne slankerevolusjonen kome. Gjennom nesten 100 år handla historia til Novo Nordisk om insulin. Soga tok til i 1922, da danske August Krogh, nobelprisvinnar i fysiologi, drog på ein foredragsturne i USA. I løpet av turneen fekk han høyre at canadiske forskarar hadde klart å isolere insulin frå bukspyttkjertelen til hundar. Det var ei potensielt revolusjonerande oppdaging: Diabetes kunne gå frå å vere ein dødeleg sjukdom til noko folk kunne leve lenge med.
Dette hadde òg personlege implikasjonar for Krogh. Kona hans Marie, også ho lege og forskar, hadde sjølv diabetes. Dermed drog August Krogh til Toronto for å møte dei canadiske forskarane bak gjennombrotet, og bad om løyve til å produsere insulin til nordiske pasientar heime i Danmark. Han fekk ja – på eitt vilkår: Inntektene frå insulinproduksjonen skulle ikkje gå til profitt, dei skulle brukast til forskingsføremål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.