Politikk
Store lovnader, lite handlingsrom
Hurdals-plattforma lover store nye løyvingar. Samstundes vil den nye regjeringa følgja handlingsregelen og auka eksporten. Det går neppe i hop.
Mykje av den nye regjeringsplattforma handlar om klima. Der er nasjonalbudsjettet verkeleg dårleg nytt for Støre og Vedum.
Foto: Victoria Klesty / Reiters / NTB
Kva handlingsrom har den nye Sp-Ap-regjeringa, som enno ikkje har fått eit namn? Eit delsvar finn vi nesten heilt bak i nasjonalbudsjettet, som vart lagt fram på tysdag, dagen før Hurdals-plattforma vart presentert. Der finn vi kor mykje oljepengar kvar regjering har nytta dei siste 40 åra. Stoltenberg II nytta 555 milliardar frå Oljefondet dei åtte år dei sat. Regjeringane til Erna Solberg har nytta 2006 milliardar gjennom dei åtta åra dei har sete, berre vel 10 prosent kom av koronaepidemien.
Regjeringane Solberg har til saman nytta 400 milliardar mindre enn dei kunne ha nytta etter handlingsregelen, og nei, Sp og Ap har ikkje nett vore negative til stor pengebruk. Men om Solberg hadde nøgd seg med å nytta berre dobbelt så mykje som Stoltenberg II, hadde også den nye Støre-regjeringa fått nyta godt av det same som alle andre regjeringar dei siste 14 åra har fått høve til, å auka løyvingane til alle gode føremål. Ein billion meir på Oljefondet hadde gjeve eit ekstra handlingsrom på 30 milliardar per år. Men det går ikkje lenger. Skal handlingsregelen fylgjast, syner både nasjonalbudsjettet og den siste perspektivmeldinga, er dei gode dagane over. Dei eldre skal ha sitt.
Lite skattelette
Ei trøyst hadde vore om Solberg hadde nytta ekstrapengane til å setja ned skattane. Då kunne Støre-regjeringa ha sagt at dei ville reversera usolidariske skattelettar. Men heller ikkje det vert heilt lett. 90 prosent av den auka oljepengebruken har gått til å auka dei offentlege utgiftene, berre 10 prosent har gått til skattelette. Dei tala er tilfeldigvis nett dei same som Stoltenberg II hadde. Norske regjeringar plar vera nokså like.
Men nasjonalbudsjettet har også eit godt tal. Det syner seg at arbeidsdeltakinga har kome opp i 68,8 prosent, som er det høgste talet sidan 2012. Det er godt under talet for 2007, då arbeidsdeltakinga var 72 prosent, men den sterke auken i arbeidsdeltakinga etter pandemien gjev meir i skattar og mindre trygdeutgifter. Det kan forklarast med at EØS og Schengen vart sette på vent. Folk fekk ikkje høve til å reisa inn i Noreg i same grad som før.
«I enkelte næringer kan innenlandsk arbeidskraft til en viss grad ha erstattet lønnstakere som har forlatt landet. Blant annet har nedgangen i antall ikke-bosatte lønnstakere i bygge- og anleggsnæringen fra juli 2019 til juli 2021 blitt full ut motsvart av flere bosatte lønnstakere i denne næringen. (…) Antallet nye innvandrere falt også kraftig under koronapandemien, særlig fra land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Også dette kan ha bidratt til økningen i arbeidsstyrken som andel av befolkningen», skriv Finansdepartementet i nasjonalbudsjettet. Det høyrest nesten ut som det er skrive av den nye finansministeren Trygve Slagsvold Vedum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.