Sideblikk

Støre kan koma baklengs til makta

Det blir komplisert om ubereknelege partifaktorar må leggast inn i styringsgrunnlaget.

Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre på veg ned trappene før den direktesende partileiardebatten under Arendalsveka 16. august i år.
Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre på veg ned trappene før den direktesende partileiardebatten under Arendalsveka 16. august i år.
Publisert

Arbeidarpartiet har lege skamfullt lågt på meiningsmålingane. Dei har ikkje forstått kvifor, for dei har lansert ein olja kraftpakke for arbeidsfolk i distriktsindustrien, og Jonas har vore på pilegrimsvandring mot venstre og bort frå kompromissa som har skapt ulikskap og sentralisering.

At det nå er vanlege folks tur nedanfrå, lyder annleis enn det statlege slagordet ovanfrå i førre valkamp: «Stille krav og stille opp.» Nå seier nestleiar Hadia Tajik frå Bjørheimsbygd det slik: «Vi er partiet for de som går på jobben, for de som har en jobb, for de som vil ha en jobb, for de som skulle ønske at de hadde en jobb.»

Det går framleis ikkje steinbra, men oppover, og der møter dei Vedum og Bøhler i sekkeløp på veg nedover.

DET GIR STADIG LÅGE odds på totalisatoren om Jonas Gahr Støre blir statsminister etter valet, sjølv om partiet skulle stivna på oppløpssida som for fire år sidan. Støre kan uansett koma baklengs til makta med ei mindretalsregjering, som Bratteli etter valnederlaget i 1973. Det ville vera tungt nok å samarbeida med det ube­reknelege Senterpartiet, men endå meir komplisert om fleire ukjende faktorar må summerast inn i styringsgrunnlaget.

Den sosiologiske aforismesnikkaren Arvid Fennefoss, som i gode stunder aspirerer til å vera ein arvtakar etter Nils-Fredrik Nielsen, han med 1968, seipanettar og tristessar, har levert denne: «Kjernen i SV og Rødts valgkampstrategi er å gå i Arbeiderpartiets barndom fremfor i sin egen.» Dei prøver å mima det dei trur Einar Gerhardsen ville ha gjort – når han ikkje lét ekspertane styra, heldt tale på Kråkerøy og hadde Haakon Lie til å orientera om kommunistiske halvjomfruer.

ERNA HAR GÅTT sjarmøretappen gjennom Trondheim by til Nidarosdomen, utan å møta lysfontener. Det gir høge odds om ho får fire år til. Ho gjer det i alle fall ikkje dersom «de to små tullepartiene» for spesielt interesserte hamnar under sperregrensa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement