Helse
Stor motstand blant helsepersonell
– Vi motarbeidar ikkje lova, men ressursane er knappe, seier leiar i Norsk barnekirurgisk forening.
Motarbeidar norsk helsepersonell ei lov som er vedteken av Stortinget? Forskarane bak ei evaluering av Lov om rituell omskjæring av gutter går ikkje så langt, men meiner motstanden blant helsepersonell medverkar til å svekkje tilgangen på eit offentleg tilbod.
Dag og Tid spør leiaren i Norsk barnekirurgisk forening Audun Mikkelsen kor vanleg det er å ikkje ville utføre inngrepet av samvitsgrunnar.
– Det er nok ganske utbreitt. Inngrepet vert klassifisert som inngrep som ikkje er medisinsk indiserte. Mange meiner at vi ikkje skal operere friske born. Det er eit godt argument som skal liggje til grunn for handsaminga av alle pasientar. Sjølv om risikoen er liten, er det risiko ved all kirurgi. Mange reagerer på at born vert utsette for det.
Står ansvarleg
– Forskarane bak ei evaluering rår regjeringa til å utgreie konsekvensane av samvitsregelen, som dei meiner har vorte oppfatta som ein reservasjonsrett. Kva meiner du om å fjerne samvitsregelen?
– Det er eit godt spørsmål, men ingen kan påleggje ein kirurg å operere ein pasient, dersom det strir mot vurderinga hans eller hennar. Kvar kirurg står ansvarleg for det han gjer, og om noko går gale, står kirurgen til ansvar. Då må han kunne seie at dette strir mot all fornuft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.