Stoler ikkje på Damaskus
– Det kjem forferdelege bilete frå Syria no. Somme av dei minner om overgrepa IS gjorde mot sivilbefolkninga, seier Mani Hussaini.
Hussaini er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og har sjølv kurdisk bakgrunn. Han budde i byen Qamishli nord i Syria dei første elleve åra av livet, inntil familien kom til Noreg i 1998. I Syria opplevde han undertrykkinga av kurdarane på kroppen. Mellom anna har Hussaini fortalt om korleis han vart slått som straff for å ha snakka kurdisk på skulen.
No fryktar han ikkje berre massakrar på kurdarar i Syria. Han er redd for at fridomen skal bli borte frå områda SDF har styrt, og at undertrykkinga skal kome attende.
– Det vi kallar Rojava, var dei områda i Syria som fungerte best i dei 14 åra med borgarkrig. Det var eit demokratisk organisert, regionalt sjølvstyre, der kvinner og minoritetar hadde rettar. No er folk redde for kva det nye regimet i Damaskus kan gjere. Al-Sharaa har lova at alle skal bli inkluderte i det nye Syria. Men han har bakgrunn frå al-Qaida, og folk har ikkje tillit til han. Mange er redde for militsane som støttar regjeringa, seier Hussaini.
– Eg trur kurdarane vil gå inn i det nye Syria. Men dette er folk som har levd under ekstreme forhold, og har kjempa for livet mot IS, syriske militsar og den tyrkiske hæren. Eg skjøner at dei ikkje stoler blindt på al-Sharaa.
– Kan vestlege land gjere meir enn i dag for å hjelpe kurdarane?
– Absolutt. Kurdarane i Syria var i front for å nedkjempe IS, dei var våre allierte. No kjenner dei seg forlatne av alle. Men vestlege land må halde den syriske regjeringa ansvarleg og hindre at dette blir ein katastrofe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.