JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Stigande rus

Bruken av kokain har auka, særleg blant unge og unge vaksne. Ifølgje rusforskaren Thomas Clausen kjem truleg både bruken og skadeverknadene av bruken til å auke framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Over 800 kg kokain vart funne i fruktkassar på eit Bama-lager i april i år, etter tips frå tyske tollarar. Det var det største kokainbeslaget som er gjort i Noreg.

Foto: Oslo Politidistrikt / NTB

8743
20231110

Kokain

Rasktverkande, kraftig og sentralstimulerande rusmiddel som påverkar signaloverføringa i hjernen

Utvunne frå blada til kokaplanten, som vert dyrka i Andesfjella, særleg i Colombia, Bolivia og Peru

Sterkt vanedannande og skadeleg for hjarte- og karsystemet

Kan røykjast, injiserast og sniffast og gjev rask rus

Kjelde: Norsk Helsei­nformatikk og Rusopplysninga

Rusmiddelbruk

eva@dagogtid.no

Dei kriminelle nettverka i Noreg veks, og ein av drivarane for veksten – navet i aktiviteten til nettverka – er kjøp og sal av narkotika, fortalde leiaren for seksjon for organisert kriminalitet i Kripos til Dag og Tid førre veke.

Generelt sett har narkotikabruken i Noreg vore nokså stabil over fleire år. I alle fall om vi ser vekk frå pandemiåra, då reiser og grensepasseringar var sterkt avgrensa og utelivet stengt ned og folk heldt seg mest med familien og dei næraste. Statistikkane i åra etter har derimot synt ei endring: Bruken av kokain aukar, særleg blant unge og unge vaksne.

Les også: «Kriminell vekst»

Om lag 7 prosent av befolkninga i Noreg mellom 16 og 64 år hadde i 2022 prøvd kokain minst éin gong, medan 2 prosent rapporterte at dei hadde brukt det i løpet av det siste året. Det går fram av Folkehelseinstituttets rapport om narkotikabruk frå tidlegare i år.

Blant unge mellom 16 og 30 år var det derimot heile 4,7 prosent som hadde brukt kokain siste året, noko som er ein rapportert auke på 1,3 prosentpoeng frå 2021 og 1,5 prosentpoeng meir enn i 2019.

Og frå produksjons-, distribusjons- og forbrukstrendane ute i verda å døme, er det lite som tilseier at auken kjem til å stoppe.

– Biletet i sum er at pilene peikar oppover, så vi må nok førebu oss på at bruken av kokain kjem til å halde fram å auke, seier Thomas Clausen, professor og leiar for Senter for rus- og avhengnadsforsking ved Universitetet i Oslo.

«Historisk høg tilgang»

Og auken har i høgste grad med kriminelle nettverk å gjere:

I Colombia, landet som produserer mest kokain i heile verda, er kriminelle grupper frå Mexico og Balkan no sjølv inne for å leggje til rette for meir kokaindyrking, lage og effektivisere forsyningsliner ut til resten av verda og finansiere dei ulike stadia av forsyningskjeda, ifølgje rapporten frå FNs kontor for narkotika og kriminalitet, UNODC, Global Report on Cocaine 2023.

I EU er det samstundes «historisk høg tilgang på kokain», ifølgje EUs narkotikaovervakingsbyrås årsrapport European Drug Report 2023, og berre i 2021 vart det rapportert om heile 68.000 beslag av kokain i EU-medlemslanda.

I Spania, Belgia og Nederland er det òg avdekt fleire og store laboratorium, sette opp for å behandle kokain før vidaresal. Ifølgje EU-rapporten rettar kokainsmuglarnettverka seg no òg meir og meir mot mindre hamner i andre EU-land og i land som grensar til EU. Også i Noreg gjorde politiet og Tolletaten tidlegare i år det største kokainbeslaget i landet nokon gong. Talet på kokainbeslag er høgare i 2023 enn nokon gong før, ifølgje Kripos.

Produksjonen dobla

Kokainproduksjonen globalt har auka år for år sidan 2014, og var dobla til rekordhøge 2000 tonn i 2020, ifølgje FN. I same periode er transportrutene mangedobla, og kokainbruken har gått opp både i Sør-Amerika, i Nord-Amerika, i Vest- og Sentral-Europa og i Australia.

Kokainbruken i Europa byrja ifølgje FN å akselerere rundt 2017 og har – med unntak av i 2020 – halde fram å auke sidan.

I dag er kokain det mest brukte illegale rusmiddelet i EU, etter cannabis, og nesten 2,3 millionar personar mellom 15 og 34 år – eller 2,3 prosent av EU-befolkninga i denne aldersgruppa – har brukt kokain det siste året, ifølgje EUs narkotikaovervakingsbyrå. For same aldersgruppe i Noreg er talet 2,7 prosent, ifølgje Kompetansesenteret for rus, Korus.

Både Irland, Nederland, Danmark, Sverige og Tyskland har ein høgare del unge som har brukt kokain det siste året, medan Italia, Luxembourg og fleire av landa sør og aust i Europa har monaleg lågare tal enn Noreg.

Ventar meir auke

Clausen sit i ein komité som gjev innspel til EUs narkotikaovervakingsbyrå. Han seier Noreg, som har hatt tradisjon for restriktiv rusmiddelbruk og låge førekomstar av rusmiddel jamført med meir rusliberale land rundt, no er i ferd med å nærme seg snittet i Europa når det gjeld kokainbruk.

– Kor bratt auken i kokainbruken vert framover, er vanskeleg å seie, men det er så langt ikkje sett i verk vesentlege tiltak for å prøve å snu utviklinga, trass i trendane vi ser rundt produksjon, beslag og bruk utanfor Noreg, seier han.

– Kva kunne og burde vore gjort?

– Det er samansett og vanskeleg å seie. Ingen land har knekt den koden enno. Men det å avgrense innstrøyminga av rusmiddel, med toll og politi på grensa, er viktig. I tillegg trur eg det har noko å seie korleis eit land ser på narkotikabruk og det å nytte rus til hygge. Vi har hatt ein debatt om rusreform og spørsmål om avkriminalisering, og enkelte har nok oppfatta debatten som eit signal om at bruk ikkje er ulovleg.

– Så du meiner avkriminaliseringsdebatten har medverka til auken?

– Ja. Gjennom debatt vil ulike meiningar kome fram. Det er fint og viktig, men det er òg slik at somme fangar opp berre fragment av debatten. Dersom alle rundt er soleklare på at det å bruke rusmiddel er farleg, forbode og noko ein må passe seg for, skal det meir til å prøve det enn om ein har fått høyre at «det går nok bra», eller «er det så farleg, då?». Diskusjonane om avkriminalisering går jo òg i andre land og i globale forum, og det påverkar nok bruken, gradvis og over tid. Synet på rusmiddelbruk i samfunnet går liberal i retning, seier han.

Han legg til at den norske marknaden også er attraktiv for smuglarnettverka.

– Vi bur i eit økonomisk godt stilt land, der til og med studentar har råd til å betale 1000 kroner for eit gram kokain. Eg snakka nett med ein nederlandsk kollega som fortalde at kokainprisane i Nederland no er nede i 50 euro grammet. I Noreg ligg prisen på rundt 800–1000 kroner, så det er truleg høg forteneste å importere hit. Det kan også vere med på å forklare auken.

skadeverknader

I tillegg til at kokainbruken nok kjem til å halde fram med å auke, seier Clausen vi at etter kvart kjem til å sjå større skadeverknader av bruken. Han meiner behandlingssektoren alt no bør rustast opp til å kunne hjelpe fleire med rusavhengnad og mentale lidingar som følgje av kokainbruk.

– Det kjem til å gå nokre år før vi ser alle konsekvensane av den auken vi no ser i bruken blant unge, men eg reknar med at dei kjem, og behandlingsetterspurnaden kjem til å auke litt fram i tid, seier han.

Ein del akutte skadeverknader av kokainbruk er derimot synlege alt no. Rusmiddelstatistikk frå Oslo universitetssjukehus syner til dømes at det i 2022 var ein kraftig auke i personar som vart tekne for å køyre i kokainpåverka tilstand, og ifølgje Folkehelseinstituttet syner sjukehusstatistikken at fleire kjem inn med skadar etter bruk av kokain.

Clausen seier at det i hovudsak er snakk om to former for skade. Både akutte skadar som følgje av at dei som brukar kokain, vert meir impulsive og ukritiske: Dei køyrer kan hende i større grad i fylla, vert aggressive, byrjar å slåst, ramlar eller hamnar i farlege situasjonar fordi dei ikkje er like merksame på det som skjer rundt dei. Det andre er dei meir direkte og ofte kroniske kroppslege og helsemessige konsekvensane, som at kokainbruk gjev høgare puls, auka blodtrykk og auka kroppstemperatur og kan føre til hjarterytmeforstyrring, hjarteinfarkt, slag og hjernebløding.

Kan gå opp på sikt

Forskaren Jørgen Bramness ved Folkehelseinstituttet understrekar at kokain så langt står for ein relativt beskjeden del av dei samla rusmiddelproblema i Noreg i dag – bak alkohol, amfetamin-, cannabis og opioid. Men om det ikkje skjer store endringar i utviklinga vi ser no, ventar han òg at både kokainbruken og helsekonsekvensane av bruken på sikt kjem til å gå opp, seier han.

Han peikar dessutan på at skadeverknadene av kokain per i dag truleg er underregistrerte, og at det er fleire som har og får akutte problem knytte til kokainbruk enn det som har kome fram i statistikkane så langt.

– Så vi bør vere uroa?

– Det er ein auke, og styresmakter over heile Europa er uroa. Ein av grunnane til uro er helsekonsekvensane kokain kan føre til. Ein annan er knytt til dei illegale kreftene som er i sving bak auken, seier Bramness.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi bur i eit land der til og med studentar har råd til å betale 1000 kroner for eit gram kokain.

Thomas Clausen, professor ved Senter for rus- og avhengnadsforsking ved Universitetet i Oslo

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis