Stiftinga Født Fri får støtte frå bustyraren i klagesaka
Eit uavhengig konkursbu ber Kunnskapsdepartementet gjere om vedtaket om å ta statsstøtta frå stiftinga Født Fri.
Shabana Rehman har tilbakevist kritikken om dårleg økonomistyring i stiftinga Født Fri. Ho før støtte av eit uavhengig konkursbu.
Foto: Heiko Junge / NTB
I ein rapport til Kunnskapsdepartementet, som handsamar klagen på vedtaket i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), ber konkursbuet om at klagen til Født Fri vert teken til følgje.
Det var Nettavisen som først omtalte saka.
Bustyrar Anne Christine Wettre frå Advokatfirmaet Ræder AS har gått gjennom økonomien i stiftinga og har ikkje avdekt forhold som gjev grunnlag for å melde stiftinga til politiet. Ho har heller ikkje funne strukturelle manglar ved økonomistyringa. Dei feila konkursbuet har funne, vert skildra som feil som i større eller mindre grad finst i dei fleste firma i Noreg.
Dermed har konkursbuet ei heilt anna oppfatning av økonomistyringa i stiftinga enn revisjonsselskapet Ernst & Young (EY), som tidlegare har rapportert om kritikkverdige forhold.
Uproporsjonalt
Det ser ut som om Imdi har gått ut frå at funna i EY-rapporten også inneber at Født Fri har brote med føresetnadene for statsstøtte, står det i brevet til departementet. Men konkursbuet er ikkje samd i korkje kritikken frå EY eller konklusjonen frå Imdi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.