Sterk lønsvekst for toppleiarar i staten
Under Solberg-regjeringa har toppleiarane i staten fått nesten dobbelt så høg lønsvekst som fotfolket på hovudtariffavtalen.
Statsminister Erna Solberg saman med konsernsjef Eldar Sætre i Equinor.
Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix
Lønsutvikling
vidar@dagogtid.no
I to av dei tre siste åra har dei øvste leiarane fått meir enn dobbelt så høge prosentvise tillegg som fotfolket. I 2015 var tala 7,9 prosent mot 2,8 prosent, i 2016 var dei 4,8 prosent mot 2,8 prosent og i 2017 5,5 prosent mot 2,3 prosent.
I femårsperioden 2013–2017 fekk toppleiarane ein årleg lønsvekst på 5,12 prosent i snitt, medan tilsette på hovudtariffavtalen hadde ein lønsvekst på 2,8 prosent i årleg snitt. Dette omfattar tilsette i departementa og anna offentleg forvaltning og administrasjon, til dømes politi, helsevesen og utdanningsinstitusjonar.
Til samanlikning fekk leiarane i privat sektor ein gjennomsnittleg årleg lønsauke på 2,2 prosent i den same femårsperioden.
Dette står i sterk kontrast til det uttala målet om tilnærma lik prosentvis vekst i statlege løner uansett plassering i lønssystema.
Fekk krass kritikk
Regjeringa fekk krass kritikk frå opposisjonen på Stortinget då statsbudsjettet for 2019 vart lagt fram i oktober med tal for lønsutviklinga for leiarar i heil- eller deleigde statsverksemder. Også fleire representantar for regjeringspartia reagerte på feite lønstillegg for leiarane.
Regjeringa forsvarte seg med at det var selskapsstyra som hadde ansvaret for lønsutviklinga til leiarane i selskapa.
Noko slikt forsvar kan regjeringa ikkje stable på beina når det gjeld lønsutviklinga til leiarane i staten. Her ligg ansvaret langt meir direkte på kvar og ein av statsrådane.
«Ikke akseptabelt»
I eit brev til alle departementa og Statsministerens kontor understrekar Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har det samlande ansvaret, «at det ikke er akseptabelt at statlige toppledere vedvarende får en høyere lønnsutvikling enn arbeidstakergrupper for øvrig».
Liknande formuleringar kom departementet med også i fjor og året før, tilsynelatande utan at det har hatt nokon som helst verknad. Det er statsrådane som har ansvaret for lønsutviklinga både i eige departement og underliggjande etatar.
– Eg er ikkje nøgd med at leiarlønene i staten viser ei utvikling som ligg monaleg høgare enn så vel frontfaget som hovudtariffområdet elles i staten.
Det seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til Dag og Tid. Ho legg til at det er få tilsette som inngår i statistikken for toppleiarar i staten, og seier at ein må sjå utviklinga over ein femårsperiode.
Vil ikkje svare
Mæland avslår å svare på konkrete spørsmål som nettopp tek utgangspunkt i utviklinga over fem år. Ho vil heller ikkje gje ei forklaring på at det har vore ei slik utvikling med høgare lønsvekst for leiarane i staten, stikk i strid med formaningane frå statsministeren og finansministeren om at arbeidstakarane må vise moderasjon.
Vi har også spurt om forklaringa er at leiarane har utnytta maktposisjonen sin til å krevje høgare lønsvekst, eller om det berre er snakk om veikskap frå statsrådane si side. Heller ikkje dette får vi svar på.
– Tolmodet slutt
Egil André Aas, leiar i LO Stat, seier til Dag og Tid at tolmodet hans no er slutt.
– Det er her snakk om høge tillegg til fleire statlege leiarar. Det har no skjedd gjennom fleire år medan regjeringa har preika om ansvar og moderasjon. I LO Stat har vi halde oss lojalt til moderasjonslina. Det skapar problem.
Aas meiner at mange av leiarane ser bort frå signala om moderasjon og er for grådige, og at dei som sit med ansvaret, er for ettergjevande.
– Det er også eit problem at Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje innser at meir lokal lønsfastsetjing, som departementet går inn for, fører til høgare vekst i løner for leiarar på hovudtariffavtalen. LO Stat vil at mest mogeleg av lønsfastsetjinga skal skje gjennom sentrale oppgjer.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det har skjedd gjennom fleire år medan regjeringa har preika ansvar og moderasjon.
Egil André Aas, leiar i LO Stat
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB