Stengde døra for Document-bok
Prosa-redaktør Merete Røsvik droppa ei bokmelding av ei kontroversiell bok om innvandring etter at ho hadde lese ei ny bok om ytringsfridom.
Prosa-redaktør Merete Røsvik tvila lenge på om ho skulle publisere ein melding av Halvor Foslis bok Mot nasjonalt sammenbrudd. Til slutt vart svaret nei.
Foto: Ilja C. Hendel
Torsdag den 7. mai fekk bokmeldar, skribent og forfattar Per Hem eit e-brev som overraska han. I april hadde han levert ei melding av boka Mot nasjonalt sammenbrudd av Halvor Fosli (Document Forlag) til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings (NFFO) tidsskrift, Prosa.
Saka var ferdig redigert og klar for trykk, men plutseleg såg det ut til at Prosa-redaktør Merete Røsvik hadde fått kalde føter. I eit e-brev til Hem skreiv ho at ho hadde bestemt seg for ikkje å publisere meldinga likevel.
«Det er rett og slett fordi eg har skifta syn på kva det signaliserer at eg gir plass til ei såpass alarmistisk bok som dette, frå Document forlag som representerer politiske haldningar eg meiner ikkje bør få etablere seg som ’innafor’. Det utløysande for at eg ombestemte meg, var at eg las Bjørn Stærks bok Ytringsfrihet annotert», skriv ho.
Røsvik kan òg fortelje at ho spurde redaksjonsrådet til råds, og at «(...) alle fem var samde i at eg ikkje burde gje boka denne typen merksemd».
I redaksjonsrådet sit kommentator Hege Ulstein, journalist Eivind Torgersen, språkforskar Toril Opsahl, professor Håvard Friis Nilsen og omsetjar Eve-Marie Lund.
– Gav ikkje dødsstøyten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.