Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Les også
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Les også
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Les også
President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB
Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

peranders@dagogtid.no
Kandidatar frå andre parti enn dei to store har ingen sjanse til å bli president i USA. Men iblant kan slike kandidatar likevel påverke utfallet. Så jamt som valet ligg an til å bli i år, fryktar demokratane at Jill Stein, kandidaten til Dei grøne i USA, kan ta så mange røyster frå Harris at Trump blir president. Slikt har skjedd før: Mange meiner at Ralph Nader, som stilte for Dei Grøne i 2000, tok så mange røyster frå Al Gore i Florida at George W. Bush vann valet.
Eit slikt resultat er ikkje verkeleg sannsynleg i år. Stein ligg ikkje an til å få særleg meir enn ein prosent av røystene på landsbasis. Men ho stiller til val i alle vippestatane, der svært små veljarrørsler kan endre utfallet. I valet i 2016 fekk Stein halvannan million røyster på landsbasis. I tre statar – Michigan, Wisconsin og Pennsylvania – var talet på Stein-røyster det året større enn sigersmarginen til Trump.
Brodd mot Harris
Det er ikkje sikkert dette var viktig. Kor mange av desse veljarane som ville ha stemt på Hillary Clinton om Stein ikkje hadde stilt, veit ingen. Ein god del av dei ville kanskje ikkje ha røysta i det heile, og somme kunne ha røysta på Trump. Men valkampen til Jill Stein har brodden retta mot Kamala Harris og Demokratane. Ikkje minst er Stein krass i kritikken sin av våpenbistanden Biden-regjeringa gjev til Israel. Her har ho appell til mange yngre demokratar, som er sterkt imot den israelske krigføringa i Gaza. Den Harvard-utdanna legen Stein har sjølv bakgrunn frå den radikale delen av Det demokratiske partiet, før ho vart inspirert av Ralph Nader og gjekk over til Dei grøne.
I nokre av vippestatane er det òg ein god del veljarar med arabisk bakgrunn. I Michigan åleine er det over 300.000 som stammar frå Midtausten og Nord-Afrika. I 2016 var det berre 10.000 røyster som skilde mellom Trump og Clinton i delstaten. I haust har fleire arabisk-amerikanske organisasjonar i Michigan rykt ut med støtte til Jill Stein, skriv The New York Times. At Stein ikkje kan vinne, og at Trump er ein enda meir entusiastisk Israel-ven enn Biden, hjelper ikkje: Målet er å straffe Kamala Harris for støtta til Israel.
Demokratane tek trusselen frå Stein alvorleg. I haust har partiet køyrt ein aggressiv reklamekampanje med plakatar der det står: «Jill Stein hjelpte Trump ein gong før. Ikkje lat ho gjere det igjen.»
Stein har ikkje late seg rokke av alle bønene om å trekke seg, ikkje eingong dei som har kome frå hennar eigen familie, ifølge The New York Times. Ho reknar ikkje skilnaden på Harris og Trump som verkeleg viktig. Stein kallar båe dei store partia i USA for zombieparti, og ser dei som reiskapar for storkapitalen og våpenprodusentane. «Slutt å snakke om det minste vondet», har Stein sagt – «kjemp for det større godet».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.