Endeleg! Bileta frå Kursk er no like opprivande som bileta dei seinaste åra har vore frå krigen på ukrainsk side av grensa.
I skrivande stund er det især synet av russiske eldre og uføre i rullestol på flukt som gjer inntrykk. Forvirra og fortvila blir dei rivne bort frå hus, heim og slekt til ein uviss lagnad på legd.
Andre nye bilete er frå kyrkjegarden i byen Kursk, der nye rekkjer med russiske soldatgraver supplerer dei frå det vidgjetne panserslaget i 1943.
Ubalansen i biletlegginga av den russiske invasjonen av Ukraina er med dette retta noko opp.
Truleg berre mellombels, men likevel – det kjennest godt, og rett. Sjokkerande godt og rett kjennest det, diverre. Anstendige menneske burde vel ikkje ha slike kjensler, grensande til skadefryd, men dei lèt seg ikkje fornekte.
Skadefryden kjem ikkje mo åleine heller, han har følgje med ein påstand om at det er nett dette som har vanta i andre krigar. Vietnamkrigen, ikkje minst, prega som han var av ein total mangel på nordvietnamesisk invasjon på det amerikanske kontinentet. Det gjorde krigen til ei (teor)etisk slagveksling på heimebanen til USA, medan det raude blodet flaut i Vietnam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.