Krig

Stearinlys i krigen

I november i år har mange innbyggjarar i store, ukrainske byar hatt høve til å nyte venleiken til nattehimmelen for første gong.

Folk vandrar på mørklagde gater i gamlebyen i Kyiv 6. november.
Folk vandrar på mørklagde gater i gamlebyen i Kyiv 6. november.
Publisert Sist oppdatert

Stjernene har aldri hange så lågt over Kyiv, Kharkiv, Lviv og Odesa. Stråleglansen frå dei var alltid skjult av gatelys og lys frå husa. Slik er det ikkje lenger. Etter sjokket frå dei første straumbrota, har ukrainarane nesten blitt vande med den stadige mangelen på elektrisitet og vatn. I dag har kvart husvære eit badekar fylt med kaldt vatn, så vel som forsyning av drikkevatn i femliters plastflasker.

Det er vanskelegare å «flaskefylle» elektrisitet. Ein kan lade batteri og batteripakkar, men ein kan ikkje kople kjøleskap eller frysarar til dei.

Kyiv, til liks med andre byar, tilpassar seg dette nye regimet. Det er ein plan for straumutkopling for kvart distrikt. Nokså typisk er det at straumen blir kopla ut mellom 03.00 og 06.00, så frå midt på dagen til 16.00, og til slutt frå 20.00 til 24.00. Men i røynda kan utkoplinga kome oftare, starte tidlegare eller seinare og vare lenger. Null elektrisitet inneber null internett, og Kyivs hær av IT-ekspertar, inkludert dei som arbeider langvegsfrå i utanlandske selskap, må jobbe til tidleg om morgonen og nøye seg med ein høneblund eller to i løpet av dagen.

Medvitne ukrainarar har slutta å bruke vaskemaskin, oppvaskmaskin og vasskokar – dei krev for mykje energi. No vaskar ein for hand, ofte i kaldt vatn. Somme vil gjerne setje på vaskemaskina, sjølvsagt, men synest det er flautt, eller dei er redde for å gjere det. Naboane kan jo føle vibrasjonane eller høyre duren. Korleis naboane vil reagere på ei så spinngalen sløsing med kilowatt, er ikkje lett å seie.

Samanlikna med dei første åra med ukrainsk sjølvstende har byane i landet fått eit positivt omdømme for stabil elektrisitetsforsyning. På den andre sida har bybuarar hatt ein tendens til å assosiere landleg liv med mangel på dei fleste ting – som til dømes lys. I landsbyhuset vårt i Larazivka er det slik at om du set på vasskokaren om kvelden, blir alle lyspærene i huset dimma – vel, dei pla bli det. Men no er det ingen som bruker vasskokaren. Nett som i byane vil landsbybuarane gjerne gjere sitt til å spare elektrisitet, sjølv om dei er utsette for langt færre straumutkoplingar enn folk i Kyiv.

Ikkje overraskande har etterspurnaden etter stearinlys og straumgeneratorar eksplodert, og no skortar det på begge delar. Stearinlys er det nesten uråd å få kjøpt. Talet på importerte generatorar er tidobla, men dei er for dyre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement