JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Statsrådar utan ansvar?

Dei danske riksrettssakene minner oss om noko viktig: Med makt må det følgje ansvar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Inger Støjberg då riksrettssaka mot henne vart innleidd 2. september 2021. Dommen som fall i desember, var på 60 dagars fengsel utan vilkår.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau Scanpix / NTB

5894
20211224
5894
20211224

Førre veke vart den tidlegare danske utlendings- og integrasjonsministeren Inger Støjberg dømd til fengsel i 60 dagar.

Dommen var ein sensasjon, ikkje berre av di Støjberg var og er ein populær politikar i Danmark. Dommen var ein sensasjon av di han vart felt av riksretten, som er ein særdomstol samansett av høgsterettsdommarar og lekdommarar utnemnde av Folketinget for å kunne halde regjeringsmedlemmer ansvarlege for embetsførselen. Riksrettssaka mot Støjberg var berre den sjette sidan 1849.

Innstramming

Brotsverket som felte Støjberg, var at ho hadde gitt utlendingsforvaltninga ordre om å skilje alle asylsøkande ektefellar eller samlevande par der den eine var mindreårig mellom 15 og 17 år. Føremålet var å verne mindreårige asylsøkande jenter mot ekteskap eller samliv under tvang, noko det er brei semje om.

Til samanlikning vedtok Stortinget tidlegare i år å stramme inn ekteskapslova slik at Noreg som hovudregel ikkje godtek ekteskap inngått i utlandet der den eine ektefellen er mindreårig.

Fram til Støjberg skjerpa praksisen, hadde dei danske utlendingsstyresmaktene berre skilt asylsøkande par der det var konkret mistanke om tvang eller anna press. Frå no av skulle dei skiljast utan unnatak og individuell vurdering. Problemet var at Støjberg fekk klåre råd frå embetsverket om at ei unnataksfri ordning braut med retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen og forvaltningsrettslege saksbehandlingskrav.

Danskane er ikkje heilt ukjende med riksrettssaker i samband med utlendingspolitikken. I 1995 vart den tidlegare justisministeren Erik Ninn-Hansen dømd av riksretten til fengsel i fire månader i den såkalla tamilsaka. Grunnen var at Ninn-Hansen hadde pålagt forvaltninga å stoppe familiesameiningar for tamilske flyktningar. Også han visste at ein slik politikk var lovstridig.

Ansvar

Dei danske riksrettssakene minner oss om noko viktig: Med makt må det følgje ansvar. Lova bind også forvaltninga og dei politiske leiarane. Difor meinte den danske riksretten at Støjberg måtte sone i fengsel. Å verne mot barneekteskap er viktig, men det må skje innanfor rammene av lova.

Ein statsråd som er usamd i lova, må heller gå til dei folkevalde for å endre henne. Dersom statsrådar straffritt kan bryte lova for å oppnå politiske føremål, undergrev ein både rettsstaten og folkestyret.

Ville Støjberg ha blitt dømd av ein norsk riksrett? Her heime har vi ikkje hatt ei riksrettssak sidan saka mot regjeringa Berge i 1926–27. Stortinget må frå tid til anna ta stilling til framlegg om konstitusjonelt ansvar for statsrådar. I dag er det likevel ikkje sikkert at lovbrot av den typen som felte Støjberg, kan føre til riksrett mot ein norsk statsråd.

Soga er denne: Eit stortingsoppnemnt utval føreslo i 2002 å leggje ned riksrettsordninga og late saker om konstitusjonelt ansvar for statsrådar gå for dei vanlege domstolane. Stortinget fekk kalde føter og sette ned eit nytt utval leia av dåverande stortingspresident Jørgen Kosmo. Dette utvalet føreslo i 2004 å halde på riksretten, men stramme inn på rekkevidda av det konstitusjonelle ansvaret til statsrådane.

Reine grunnlovsbrot

Ei reform var naudsynt, då riksretten sidan 1814 hadde hatt eit politisk preg. Etter Grunnlova kunne statsrådar straffast for handlingar som «øiensynligen er skadelig for Riget». Kva som er skadeleg for riket, kjem an på auga som ser, og opnar for politiske vurderingar.

Risikoen for politisk bruk av riksretten var stor, sidan det var Odelstinget på Stortinget som tok ut tiltale. På toppen av dette var stortingsrepresentantane i fleirtal i riksretten, med ti dommarar mot fem høgsterettsdommarar.

Kosmo-utvalet føreslo fleire tiltak, som Stortinget vedtok i 2007. For det fyrste fekk riksretten ein meir balansert samansetnad. Av riksrettens elleve medlemmer vert seks utnemnde av, men ikkje frå Stortinget, medan fem er høgsterettsdommarar. For det andre vart det oppretta ein uavhengig ansvarskommisjon for å klårleggje det juridiske grunnlaget for ein riksrettstiltale. Og for det tredje vart virkeområdet til riksretten stramma inn.

Kosmo-utvalet føreslo at det konstitusjonelle ansvaret til statsrådane skulle avgrensast til «konstitusjonelle plikter», forstått som reine grunnlovsbrot.

Lovlege vedtak

Kva då med andre lovbrot, som i tilfellet til Støjberg? Her er det slik at Grunnlova pålegg regjeringa å syte for at alle vedtak i statsråd er lovlege. For ulovlege regjeringsvedtak kan altså statsrådar stillast til ansvar for riksretten. Problemet er avgjerdene og handlingane til statsrådane som departementssjefar utanfor regjeringa. Det meste statsrådane gjer, skjer nettopp i departementa. Her var Kosmo-utvalet klåre på at slike avgjerder som hovudregel må reknast som forvaltningsavgjerder og fell utanfor det konstitusjonelle ansvaret.

Det er såleis uklårt om ein norsk statsråd som bryt lova i behandlinga av forvaltningssaker, kan stillast for riksrett. Det betyr ikkje at statsråden er heva over ansvar. Straffelova inneheld reglar om tenestefeil og misbruk av offentleg makt.

Mindre ansvar

Ein kan likevel spørje om desse reglane passar godt på statsrådanes styring av departementa. I praksis trur eg ansvaret til statsrådane har blitt mindre etter riksrettsreforma i 2007.

Det er Stortinget og ikkje politiet som har hovudansvaret for å føre kontroll med statsrådane. Kontrollordningane til Stortinget er innretta for å vurdere det konstitusjonelle ansvaret statsrådane har. Dersom Stortinget berre fører kontroll med at statsrådane held seg innanfor Grunnlova, risikerer vi då at statsrådanes embetsførsel elles kjem i blindsona?

Eirik Holmøyvik er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom statsrådar straffritt kan bryte lova for å oppnå politiske føremål, undergrev ein både rettsstaten og folkestyret.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis